arkslirekne på elveforbygning. På slike stader er det særs vanskeleg å bli kvitt arten. Samtidig er det spreiingsfare langs vasstrengen.
Parkslirekne på elveforbygning. På slike stader er det særs vanskeleg å bli kvitt arten. Samtidig er det spreiingsfare langs vasstrengen. Foto: Statsforvaltaren i Vestland

Stord/Fitjar lanbruks- og miljøkontor får ofte meldingar om framande planter i kommunane, og vil difor gje generell informasjon til hageentusiastar, entreprenørar og bønder i Stord og Fitjar.

Framande eller svartelista artar etablerer seg lett på stader der dei ikkje høyrer naturleg heime. Spreiinga er hovudsakeleg knytt til menneskeleg aktivitet som flytting av jordmassar, hageavfall som vert dumpa eller andre aktivitetar som involverer planterestar og/eller flytting av jord. 

Nokon av dei framande artane er uønskt i norsk natur.  Dei fortrengjer dei stadeigne artane, og har eit stort spreiings-potensial. Det er difor viktig å handtera både planterestar og jordmassar som kan vera «infisert» med framande artar med omsyn til at dei kan skape store problem i seinare tid.

Å vise generell aktsemd er nemnt i både naturmangfaldlova kapittel IV og i forskrift om framande organismar § 18.

Alle som flyttar jord eller hageavfall i Stord og Fitjar har eit ansvar for å hindre vidare spreiing. Det er difor viktig å gjere seg kjent med problemartane på Stord og Fitjar.

  • Lær dykk kva arter som er eit problem
  • Sørg for å ikkje flytte massar med slike plantar eller hageavfall
  • Lever problemartar til miljøstasjonar, dei har metodar for å handtera slikt avfall.
  • Legg inn observasjonane i Artsobservasjonar viss dykk finn problemartar for å få ei betre kartlegging av plassar med framande artar
  • Meld ifrå til kommunen ved store førekomstar

Stord/Fitjar lanbruks- og miljøkontor har ikkje ei eigen utegruppe som kan ta hand om eller fjerne problemartar, men me kan rådgje i spørsmål om handtering av dei.

Sjå infoskriv frå Statsforvaltaren om hagerømlingar som du bør vere ekstra varsam med:  

Vidare kan det vere nyttig å sjå infoskriv som Ålesund kommune har laga:

Det er mogleg å søkja midlar for organisasjonar eller lag som ynskjer å fjerne problemartar via Miljødirektoratet.  

Har du spørsmål knytt til framande artar kan du kontakte Stord/Fitjar lanbruks- og miljøkontor v/ Marlene Sørli.