Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
A A A

Fitjar kommune rapporterer om eit godt økonomisk resultat for 2019.

Publisert , Oppdatert 26. mai 2020

15203c5.pngVi i Fitjar kommune har skapt eit godt økonomisk resultat for 2019, med eit mindreforbruk på 6,1 mill. kr.

Vi har nytta våre økonomiske ressursar i tråd med budsjettet, til kommunen sine store velferdsoppgåver og til lokal samfunnsutvikling.

Årsakene til det gode økonomiske resultatet er:

  • Dei aller fleste av kommunen sine tenesteområde har levert tenestene innanfor sine budsjettrammer, som gjev eit samla økonomisk mindreforbruk.  

Dette krev god dagleg styring av kommunen sine ressursar frå alle leiarar og medarbeidarar, og det krev god og jamleg kontroll og rapportering av den økonomiske situasjonen frå økonomiavdelinga. God økonomisk og fagleg styring vert gjort gjennom ei rekkje daglege val på kvar einskild arbeidsplass, og det betyr at mange strekkjer for å kombinere gode tenester til brukarane, med høgre krav til eigen innsats. Eg vil takka dykk alle for den viktige jobben, og innsatsen!

Kommunen har fått styrka sine inntekter slik :

  • Auka nasjonal skatteinngang, som har tilført Fitjar kommune 2,8 mill.
  • Utbetaling frå Havbruksfondet på 0,9 mill. som er 0,65 mill. over budsjett.
  • Kommunen har fått reduserte pensjonskostnadar i Statens pensjonskasse med knapt 1 mill.

Eg som rådmannen er særs nøgd med eit positivt økonomisk resultat i ei tid der rammevilkåra til kommunen er strammare, og der vi jobbar med omstilling i det daglege.