Einingsleiar Marianne Kannelønning og psykologspesialist Gunborg Irene Spissøy Kyvik. Foto: privat

 

Tiltaket heiter MST-CAN (multisystemic therapy – child abuse and neglect) og er eit evidensbasert behandlingstiltak for familiar med pågåande vald og/eller annan alvorleg omsorgssvikt mot barn.

I Noreg har det kommunale barnevernet ansvar for å følgje opp familiar der det førekjem vald og/eller omsorgssvikt. Dersom hjelpetiltak i barnevernet ikkje bidrar til å skapa ein tilfredsstillande omsorgssituasjon, er alternativet at barna vert plassert utanfor heimen. Barnevernstenesta vurderer at fleire av plasseringane utanfor heimen kunne vert unngått dersom ein hadde hatt tilgang til eit meir omfattande hjelpetiltak.

Målet med MST-CAN er å halde familiane saman, sørge for at barna er trygge, førebygge nye episodar av vald og omsorgssvikt, redusera psykiske helseplager hos familiemedlemmene og betra familien sitt eksisterande sosiale nettverk for å gjera endringa berekraftig over tid. Intervensjonar frå MST-CAN er skreddarsydd for å møta barna sine utviklingsbehov.

Søkjer fagpersonar

Barnevernet skal no i gang med å rekruttera fagpersonar som skal jobba med dette i team. Det er psykologspesialist Gunborg Irene Spissøy Kyvik som er prosjektleiar, og vert seinare leiar for teamet.

Me ser fram til å gå i gong med ein spanande rekrutteringsprosess i sommar, der me ser etter dyktige fagpersonar med eit stort engasjement for målgruppa. Dette er ein unik moglegheit til å vera med å byggja opp eit nytt behandlingstiltak for utsette familiar. Teamet skal bestå av rettleiar/leiar, fire terapeutar og ein miljøterapeut. Me ønskjer å ha eit samarbeid med dei andre MST-CAN teama i Noreg, for å bygga eit fagmiljø med rom for erfaringsutveksling, seier Kyvik.

Barnevernet søkjer altså fire terapeutar som fortrinnsvis er psykolog eller har universitets- eller høgskuleutdanning med embetseksamen eller mastergrad, og erfaring frå klinisk-terapeutisk arbeid. Miljøterapeuten må ha sosial- eller helsefagleg høgskule eller universitetsutdanning, og erfaring med arbeid med barn, unge og familiar. Alle stillingane som vert lyst ut er faste stillingar. 

Teamet får ta del i eit svært meiningsfylt arbeid med behandlingsrammer som legg til rette for gode endringsprosessar. 

Familiane i vår målgruppe har ofte oppfølging av fleire ulike instansar, og ein ser at det gjerne er prøvd mange ulike tiltak over tid utan at ein har oppnådd vesentleg betring av omsorgsvilkåra. Ved å gi tett oppfølging og behandling i heimen, hjelp til praktiske behov knytt til økonomi, arbeid og bustad, samt å ha eit tett samarbeid med andre instansar som t.d. fastlege, NAV og spesialisthelsetenesta, har me som mål å få til endring som gjer at familiane held saman og får ein betre kvardag, avsluttar Kyvik.

Etableringa av MST-CAN teamet er eit samarbeid mellom tre barneverntenester; Sunnhordland interkommunale barnevernteneste (Stord, Fitjar og Bømlo), Haugesund og Utsira barnevernteneste og Karmøy og Bokn barnevernteneste. Nasjonalt utviklingssenter for barn og unge (NUBU) har ansvar for ivareta implementering og kvalitetssikring.  

Dei som skal vere tilsett i teamet kan difor vere busett andre stadar enn Stord, sidan tiltaket er eit heimebasert tilbod til familiar i alle dei sju samarbeidskommunane.

Det er kun eitt MST-CAN team frå før i Noreg, det er Bærum kommune, som i samarbeid med Asker kommune og Nasjonalt utviklingssenter for barn og unge (NUBU), etablerte seg i 2016. I tillegg er Vestfold (Horten, Larvik og Tønsberg) i ferd med å starta opp eitt MST-CAN team, medan eitt team i Stavanger (i samarbeid med Randaberg, Sola og Sandnes) er under planlegging. 

Sunnhordland interkommunale barnevern fekk innvilga prosjektmidlar frå Statsforvaltaren i 2021 til prosjekt for etablering av tiltaket. Det er innvilga midlar som oppfølging i prosjektet også i 2022 og 2023.

Stord kommune