Barnehage
Foto: VIS-A-VIS

Arkitektene VIS-A-VIS er kåra til vinnar av plan- og designkonkurransen, som er arrangert i forbindelse med at det skal etablerast ein ny kommunal barnehage på Rossneset i Fitjar. Fitjar kommune har til intensjon å inngå ein avtale med vinnaren av konkurransen, og saman med desse utvikle vinnarprosjektet vidare. Konkurransen har pågått sidan i haust, og vinnar vart kåra denne veka.

Bakgrunn
På Rossneset skal Fitjar kommune bygge ny kommunal miljøvenleg barnehage. Dette blir ein barnehage med passivhus standard, bergvarme, som oppvarming og i hovudsak trevirke som material. Kommunen lanserte ein arkitektkonkurranse der dei ynskja forslag på korleis ein kunne utforme barnehagebygget på ein god måte.

VIS-A-VIS leverte det beste bidraget av dei tre som kom vidare til siste runde i konkurransen. Teknisk sjef i Fitjar kommune, som er prosjekteigar for kommunen, Randi Karin Habbestad er godt nøgd med vinnarutkastet.

  • Basert på konkurransegrunnlaget kåra juryen det beste forslaget. Dette vil bli ein veldig god barnehage, både for barna, dei tilsette og foreldra, meiner ho og  peikar at behovet for eit nybygg no var stort.
  • Dette blir ein innovativ barnehage, som har passivhus standard og bergvarme som oppvarming. Dette bygget som VIS-A-VIS har planlagt er disponert på ein god måte og har gode kvalitetar. Det blir ein funksjonell barnehage, som har ei god løysing for avdelingane, fellesområda og administrasjonsdelen, fortel ho

Barnehagen skal ha plass til inntil 61 barn og 17-20 tilsette. Talet på små og store barn vil variere frå år til år ut i frå storleiken på årskull og søkjartal. Det blir teke utgangspunkt i 22 små barn og 39 store barn som skal fordelast på fire avdelingar. To og to avdelingar deler bad og garderobe. Med bakgrunn i dette må romløysingane vera fleksible med tanke på auke/reduksjon av antall barn i kvar avdeling.

  • Det var tre svært gode barnehageforslag med i konkurransen om å bli Fitjar sin neste kommunale barnehage. Etter juryen si vurdering er det VIS-A-VIS sitt forslag Midt i- naturverkstaden» som har i sin heilskap løyst oppgåva best mogleg basert på konkurransegrunnlaget, og er forslaget som scorar best på evalueringskriteria i konkurransen. Denne barnehagen viser den mest nedskalerte og sympatiske utforminga av eit bygg for små barn, med eit minimalt inngrep i naturen», heiter det i jurygrunngjevinga.

Desse har vore med i juryarbeidet: Etatsjef for oppvekst og kultur i Fitjar kommune, John Karsten Raunholm, teknisk sjef i Fitjar kommune, Randi Karin Habbestad, styrar for Fitjarstølane barnehage, Aud Jorunn Vedøy, leiar plan- og utvikling i Fitjar kommune, Øystein Sørli, sivilarkitekt Jo Kjetil Nielsen frå JK Arkitektur og sivilarkitekt Elin Askeland frå Omega Areal.

Omega Areal har bistått Fitjar kommune med gjennomføring av konkurransen.

Teknisk sjef og prosjekteigar: Randi Karin Habbestad