Planavdelinga

Arealplanar er eit verktøy for å styra kommunen si utvikling i den retninga ein ønskjer, og planane set rammer for bruk og utforming av areal og bygningar i kommunen.

Plan- og bygningslova regulerer utforming og prosess for arealplanarbeidet. Lova skal fremje bærekraftig utvikling til beste for den enkelte, samfunnet og framtidige generasjonar (§ 1-1). Planlegginga skal vere open og sikre forutsigbarheit og medverknad. Det skal leggjast vekt på langsiktige løysingar. Arealplanar er juridisk bindande når dei er vedtekne av kommunestyret.

Oversikt over gjeldande reguleringsplanar, kommuneplanen for perioden 2011- 2022, kart og reguleringsføresegner finn du på
arealplaner.no Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

  • Eit plankart som med standardiserte symbol- og fargebruk synar ulike arealformål.                                
  • Planføresegner som gjev meir detaljerte opplysningar om arealbruk, utforming av bygningar, miljøkrav, parkering osv.
  • Ei planskildring som opplyser om planens føremål, hovudinnhald og verknad.

Det er to hovudtypar kommunale arealplaner:

  • Arealdel til kommuneplanen og kommunedelplanar
  • Reguleringsplanar

Ein reguleringsplan bestemmer korleis eit område skal brukast og kva som kan byggjast. Den vert laga for å følgje opp kommuneplanen sin arealdel med ein meir detaljert plan for arealutnytting. Der det ligg føre ein godkjent reguleringsplan, skal alle byggjetiltak utformast i samsvar med denne. Reguleringsplanar består av eit detaljert plankart, planføresegner og planskildring

  • Områderegulering (kommunale planar) jf. plan- og bygningslova § 12-2
  • Detaljregulering (private planar) jf. plan- og bygningslova § 12-3

Her finn du skjema for tinging av oppstartsmøte for reguleringsplanar:
Word-format docx, 34 kB, åpnes i nytt vindu. 
PDF-format pdf, 64 kB, åpnes i nytt vindu.

Skjema med evt. vedlegg kan leverast direkte på rådhuset, evt. sendast på epost: 
fitjar@fitjar.kommune.no
eller via post til adressa:
Fitjar kommune, Postboks 83, 5418 Fitjar.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?