Byggesaksavdelinga
Byggesaksavdelinga
Byggesaksavdelinga handsamar søknader med heimel i m.a. plan- og bygningslova, matrikkellova, hamne- og farvannslova m.m. Handsaming av byggje- og delingssaker/arealoverføring skjer etter reglane i plan- og bygningslova Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu..
Du må i dei aller fleste tilfelle ha løyve frå kommunen når du skal byggje nytt (bygning, terrasse, støttemur, brygge mm.), byggje på (tilbygg eller påbygg), riva bygg eller endre bruken av eit bygg eller del av eit bygg (bruksendring).
Du kan og finne mykje opplysingar om byggesøknader og kva du kan byggja utan å søkje, inne på denne sida Bygge og endre Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. på Direktoratet for byggkvalitet (DIBK) sine sider.
Byggesøknaden
Søknadsløysingar:
Profesjonelle aktørar kan sende inn søknader via Digitale løsninger for plansaker og byggesøknader Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu..
Søknadsløysingane er tilpassa ulike målgrupper, som blant anna arkitektar og røyrleggjarar, og gjer det enklare å gjere ting riktig når ein lagar ein byggesøknad. Søknadene kontrollerast opp motregelverket før dei blir sendt, for å sikra at søknadene er komplette. Søknadene kan dermed behandlast raskare i kommunen. Alle løysingane er betalingsløysningar med ulike prismodellar.
Privatpersonar kan og søkje digitalt via Digitale tjenester for byggesøknader Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu..
Søknadsskjema:
Hjå Direktoratet for byggkvalitet - Søknadsskjemaer for byggesak Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. - finn du til ei kvar tid ajourførte skjema som skal nyttast ved innsending av søknadar.
Søknadsskjema på papir:
Søknadsskjema på papir - Direktoratet for byggkvalitet (dibk.no) Lenke til et annet nettsted.
Mindre byggeprosjekt:
Har du eit mindre byggeprosjekt på eigen eiendom (garasje, tilbygg, bod og bruksendring), kan du sende byggesøknad og nabovarsel, enten digitalt eller på papir.
Søknadsskjema finn du på her: Søknadsskjemaer for mindre byggeprosjekter på boligeiendom Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu..
Melding om frittliggande bygning eller tilbygg utan ansvarsrett:
Her finn du også skjema for: Melding om frittliggende bygning eller tilbygg som er unntatt søknadsplikt pdf, 910 kB.
Kart som du treng til søknader, finn du på Fitjarkart Lenke til et annet nettsted.. Karta skal vere i målestokk 1:500 og M=1000. Kryss av for "Rutenett".
Bedrifter og privatpersonar kan tinga kartpakke som inkluderer kart i målestokk 1:500 og M=1000 og naboliste, hos Ambita Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. eller hos Norkart e-Torg Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Nabosamtykke:
Her finn du skjema for nabosamtykke docx, 25 kB, åpnes i nytt vindu..
Førehandskonferanse
Her finn du skjema for tinging av førehandskonferanse:
Word-format docx, 39 kB, åpnes i nytt vindu. - PDF-format pdf, 240 kB, åpnes i nytt vindu.
Oppmåling
Oppretting av matrikkeleining, rekvisisjon av kartforretning, arealoverføring,
Oppretting av eigedom:
Ønskjer du å dele opp eigedommen din, det vil seie å skilje ut tomt, må du søkje kommunen om oppretting av ny matrikkeleining og rekvirere oppmåling etter plan- og bygningslova. Kommunen vil måle opp eigedommen din og kartleggje og beskrive grenser og rettar til eigedommen.
Ved oppmålingsforretning vert grenser beskrive og det vert klarlagt rettar til fast eigedom. Dette dannar grunnlag for registrering i matrikkelen, som er det offentlege registeret over fast eigedom, med bygningar, bustader og adresser. Før ei ny eining blir registrert, må det som hovudregel gjerast ei oppmålingsforretning.
Kommunen har ansvaret for å gjennomføre oppmålingsforretning innan 16 veker etter at rekvisisjon er tatt imot.
Resultatet av oppmålingsforretninga dannar grunnlag for registrering i matrikkelen, der den nye grunneigedommen blir tildelt eit eige gards- og bruksnummer. Matrikkelen er det offentlege registeret over fast eigedom, med bygningar, bustader og adresser.
Oppmålingsforretning må gjerast dersom du skal:
- opprette ny matrikkeleining ved frådeling av grunneigedom, anleggseigedom, festegrunn eller jordsameige
- registrere umatrikulert grunneigedom, jordsameige eller festegrunn
- overføre areal frå ei matrikkeleining til ei anna ved samanslåing eller grensejustering
- feste del av ei matrikkeleining for meir enn 10 år
- endre registrert sameigefordeling
- opprette eksklusiv bruksrett til uteareal eller eigarseksjon utan bygningar (f.eks. hageareal eller parkeringsplass)
- måle og merke eksisterande grense på nytt
Du må varsle naboar og gjenbuar om den planlagde oppdelinga. Skjema for nabovarsling og kvittering for nabovarsel finn du hos Dibk Lenke til et annet nettsted.
På Kartverket Lenke til et annet nettsted. si nettside finn du oversikt over alle eigedomsrelaterte skjema for tinglysing, matrikkelsaker og tinging av grunnboksinformasjon.
Rekvisisjon av oppmålingsforretning - skjema:
På Kartverket sine sider. Lenke til et annet nettsted. finn du informasjon og skjema for:
Andre skjema:
Erklæring om arealoverføring Lenke til et annet nettsted., ved overføring mellom to eigedomar.
Krav om samanslåing Lenke til et annet nettsted. av tinglyste matrikkeleiningar.
Erklæring om rett i fast eigedom Lenke til et annet nettsted.
Når oppmålingsforretning er utført, vil du få tilsendt matrikkelbrev når eigedomen er tinglyst hos kartverket.
Forskrift om bruk av standardisert søknad om seksjonering og reseksjonering, samt søknad om skjema med utfyllingsvegleiingar finn du her Lenke til et annet nettsted.
Les meir om kart og oppmåling Åpnes i nytt vindu.
Alle skjema - eiendom Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Sanitærabonnement - utslepp
Her finn du søknadskjema for sanitærabonnement, registering av privat anlegg og utsleppsløyve:
Vatn-/avløpsanlegg - Nytt abonnement/melding om endring Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Vatn-/avløpsanlegg - registering av privat anlegg Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Søknadsskjema for utsleppsløyve Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Kart, kartpakke - Matrikkelbrev/målebrev
Kart som du treng til søknader, finn du på Fitjarkart Lenke til et annet nettsted.. Karta skal vere i målestokk 1:500 og 1:1000. Kryss av for "Rutenett".
Kartpakke (naboliste og kart i 1:500 og 1:1000:
Bedrifter og privatpersonar kan tinga kartpakke som inkluderer kart i målestokk 1:500 og M=1000 og naboliste, hos Ambita Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. eller hos Norkart e-Torg Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Utskrift av matrikkelbrev/kopi av målebrev)
Ynskjer du kopi av matrikkelbrev eller målebrev, kan du send ein førespurnad til Fitjar kommune via fitjar@fitjar.kommune.no. Husk fullstendig namn, adresse, informasjon om kva dokumentet skal brukast til og kva gårds- og bruksnummer det gjeld.
Prisar på utskrift av matrikkelbrev, finn du her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu..
Regulerings- og kommuneplanar
Oversikt over gjeldande reguleringsplanar, kommuneplan finn du på arealplaner.no Lenke til et annet nettsted.
Søknad om dispensasjon etter pbl. kap.19
Søknad om dispensasjon må grunngjevast jf. plan- og bygningslova (pbl) §19-1.
Du må i søknad om dispensasjon skriva kva du søker dispensasjon frå, og eventuelt kor stort avviket er.
Søknad om dispensasjon må også nabovarslast dersom naboar vert berørt.
For at kommunen skal kunne gje dispensasjon må følgjande vilkår vera oppfylt:
- Omsynet bak føresegna du søker om dispensasjon frå, må ikkje bli vesentleg tilsidesett.
- Fordelane ved å gje dispensasjonen må vere klart større enn ulempene.
Du må altså i søknaden din argumentera for at desse 2 vilkåra er oppfylt.
Du kan ikkje grunngje fordelar eller/og ulemper med personlege tilhøve.
Dersom prosjektet ditt er unnateke frå søknadsplikt etter pbl, men likevel avhengig av dispensasjon, må du også legge ved teikningar og situasjonsplan.
Søknad om dispensasjon for å kunne bu fast på hytta
Utval for plan og miljø vedtok i sak PS 47/21 den 15.06.2021 prinsippvedtak knytt til søknad om bruksendring frå hytte til heilårsbustad. Saksutgreiinga og vedtaket i saka kan du lese om her pdf, 415 kB, åpnes i nytt vindu.
Følgjande skjema docx, 93 kB, åpnes i nytt vindu. vert å fylle ut ved søknad om mellombels dispensasjon. Grunngjeven dispensasjonssøknad skal følgja søknaden.
Tiltaket utløyser gebyr etter til ei kvar tid gjeldande gebyrregulativ.
Gebyrregulativ/Lokale forskrifter Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
3.2.7 Bruksendring eller vesentleg utviding utviding eller vesentleg endring av tidlegare drift av tiltak, jf. pbl. § 20-1 Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu., d
Seksjonering og reseksjonering
Skjema:
Søknad om seksjonering og utfyllingsveiledning
- Søknad om seksjonering (docx) Lenke til et annet nettsted. | Søknad om seksjonering (pdf) Lenke til et annet nettsted.
- Veiledning til utfylling av søknadsskjema for seksjonering (pdf) Lenke til et annet nettsted.
Søknad om reseksjonering og utfyllingsveiledning
- Søknad om reseksjonering (docx) Lenke til et annet nettsted. | Søknad om reseksjonering (pdf) Lenke til et annet nettsted.
- Veiledning til utfylling av søknadsskjema for reseksjonering (pdf) Lenke til et annet nettsted.
Originalskjema må sendast i posten eller leverast på rådhuset.
Bestilling av kopi av byggesaksdokumenter
Bestilling av kopi av byggesaksdokumenter, kan ein gjere via postlista Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu..
Fitjar kommune benyttar ikkje Placepoint og andre innsynsmodular pr. i dag.
Du kan også sende oss ein epost der du forklarar kva du ynskjer innsyn i og kva gårds- og bruksnummer det gjeld, til fitjar@fitjar.kommune.no
Tilsynsstrategi for plan og utvikling 2023-2026, byggesaker
Saksprotokoll pdf, 155 kB, åpnes i nytt vindu. Sak PS 3/23 - Tilsynsstrategi for plan og utvikling 2023-2026, byggesaker - handsama i Fitjar kommunestyre 15.03.2023
Strategi for tilsyn 2023-2026 pdf, 337 kB, åpnes i nytt vindu., Plan og utvikling
Orientering om rett til å klage på forvaltningsvedtak
Orientering om rett til å klage på forvaltningsvedtak finn du her pdf, 44 kB, åpnes i nytt vindu.
Prisar
Byggesak
Gebyr for sakshandsaming som byggje- og delingssaker, dispensasjonar, kart- og oppmålingsarbeid etter matrikkellova, kart- og eigedomssoppgåver, seksjonering, reguleringsplanar, landbruks- og havbrukssaker, samt hamne- og farvannslova, er fastsett i Fitjar kommunestyre og gjeld frå 1. januar 2026.
PS 54/25 Kommunestyret, 11.12.2025.
Gjeldande gebyr gjeldande frå 01.01.2026, finn du her Lenke til et annet nettsted.
Sist oppdatert
