Skjenkeløyve fast
Alle som driv ein serveringsstad og ønsker å skjenke alkohol må søke om skjenkeløyve. Skjenkeløyve gjeld i opp til 4 år.
Når treng du skjenkeløyve?
Når du har serveringsløyve frå før og ønsker å skjenke alkohol må du søke om dette.
Når du skal starte ein serveringsstad med skjenking må først søke om serveringsløyve, deretter skjenkeløyve.
Når du har overtatt ein eksisterande serveringsstad, må du søke om skjenkeløyve. Du kan drive vidare på tidlegare eigar sitt løyve i maks tre månader mens du ventar på at søknaden vert behandla.
Korleis få skjenkeløyve?
Styrar og reservestyrar må ha bestått kunnskapsprøven i alkohollova for å kunne søke om skjenkeløyve.
Dagleg leiar må ha bestått etablerarprøva.
Styrar og reservestyrar må vere over 20 år.
Styrar og reservestyrar må vere tilsett på staden eller arbeide der i kraft av eigarstilling.
Det er krav om uklanderleg vandel.
Slik søker du
Søk her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. om fast skjenkeløyve.
Vedlegg du må ha med
Firmaattest for alle selskap involvert i drifta. Last ned firmaattesten frå altinn.no Lenke til et annet nettsted.
Foretaksregisteret si rolleoversikt for fysiske personar som eig meir enn ein tredel av føretaket og føretaket sin daglege leiar. Last ned rolleoversikta frå altinn.no Lenke til et annet nettsted.
Skatteatest for driftsselskapet. Du kan bestille skatteattesten på altinn.no Lenke til et annet nettsted.
Teikning av lokalet med avmerking for inne- og uteservering.
Bevis for godkjent kunnskapsprøve som stadfestar greidd prøve.
"Konseptutgreiing": opplysningar om kva slags skjenkestad det er, målgruppe, opningstider, eventuell underhaldning eller anna verksemd i tilknytning til skjenkestaden.
Kor lang tid tek det?
Det kan ta opptil tre månader før du får svar på søknaden. Søk difor i god tid før oppstart. Søknaden blir sendt til politiet og sosialtenesta for uttale, deretter blir søknaden behandla politisk i kommunen.
Kostnad og omsetnadsoppgåve
Det er gratis å søke om skjenkeløyve.
Alle som har eit skjenkeløyve skal betale eit årleg bevillingsgebyr til kommunen. Gebyret vert rekna ut ifrå kor mange liter alkohol skjenkestaden forventar å omsetje neste år. Kvar skjenkestad må melde inn omsetnadssoppgåve for alkoholholdig drikke kvart år. Satsane er fastsett i alkoholforskrifta.
Her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. er skjema for omsetningsoppgåve, som skal sendast inn til Fitjar kommune seinast 01.mars kvart år.
Anna informasjon:
Dersom det innanfor den 4-årige løyveperioden skjer endringar i drifta eller personar som er knytt til skjenkeløyvet, skal det straks meldast frå til kommunen. Bruk skjemaet; Bevilling - melding om endringer.
Eit skjenkeløyve kan gjelda for
- alkoholhaldig drikk gruppe 1, over 2,5 volumprosent alkohol) med høgst 4,7 volumprosent alkohol
- alkoholhaldig drikk gruppe 2, med lågare alkoholinnhald enn 22 volumprosent
- alkoholhaldig drikk gruppe 3, all alkoholhaldig drikk
I Fitjar kommune sine Alkoholpolitiske retningslinjer, er det krav til at både styrar og reservestyrar må ta kurset Ansvarleg vertskap. Dette kurset er det likevel anbefalt at alle som skjenker alkohol har gjennomført.
Frå nyåret kjem dette til å vera eit fokusområde frå kontrollørane. Difor er det viktig at det kan dokumenterast at kurset er teke. Både i dykkar eigen internkontrollperm, men og innsendt til Fitjar kommune.
Her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. kan de finna kurset.
Lovar og forskrifter
- Alkohollova Lenke til et annet nettsted.
- Alkoholforskrifta Lenke til et annet nettsted.
- Alkoholpolitiske retningslinjer 2024 - 2028.pdf Lenke til et annet nettsted.
Sist oppdatert
