Serveringsløyve
Alle som vil drive ein serveringsstad i Fitjar kommune, skal ha serveringsløyve frå kommunen. Ein serveringsstad er ein stad der det vert servert mat og/eller drikke og lokalet er lagt til rette for å ete på staden.
Du treng serveringsløyve om du skal starte ein serveringsstad der det skal serverast mat og/eller drikke. Skal du servere alkohol må du i tillegg ha skjenkeløyve.
Serveringsløyve er utan tidsavgrensing, i motsetnad til skjenkeløyve, som gjeld for fire år om gongen.
Dersom serveringsstaden blir teke over av ein annan, fell serveringsløyvet bort dersom det ikkje blir søkt om nytt løyve innan 30 dagar etter at det blei inngått avtale om overdraging.
Før du byrjar å servera, må du ha fått innvilga løyve, eller stadfeste godkjent overdraging.
Korleis få serveringsløyve?
- Dagleg leiar ved serveringsstaden må ha bestått etablerarprøva for å kunne søke om serveringsløyve. Løyve vert gitt til selskapet som eig staden.
- Serveringslova stiller krav om uklanderleg vandel.
- Er det eit eigarskifte, må du søke om eige serveringsløyve seinast 30 dagar etter at du teikna avtale om overtaking. Endringsskjemaet finn du her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu..
- Her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. finn du søknad om etablerarprøven.
- Det er ingen kostnad for å søke om serveringsløyve
- Her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. finn du søknad om nytt serveringsløyve
I Brønnøysundregistera sin rettleiar får du ei oversikt over kva reglar du må halda deg til når du skal starte og drive ein restaurant, kafé/kro, gatekjøken/ fastfood, kantine, catering, nattklubb/pub/bar, matvogn/foodtruck eller marknadsbod.
Sist oppdatert
