Salsløyve for alkohol

Butikkar, bryggeriutsal og spesialforretningar som skal selje alkohol, må søkje om salsløyve. Salsløyve gjeld for drikke ved høgst 4,7 % alkohol.

Når treng du salsløyve?

  • Når du skal starte ein butikk med alkoholsal
  • Når du har overtatt ein salsstad med alkoholsal. Du kan drive vidare på tidlegare eigar sitt løyve i maks 3 månader medan du ventar på din søknad skal verta behandla.

Korleis få salsløyve?

  • Styrar og reservestyrar må ha bestått kunnskapsprøva i alkohollova.
  • Styrar og reservestyrar må vere over 20 år.
  • Styrar og reservestyrar må vere tilsett på staden eller arbeide der i kraft av eigarstilling.
  • Alkohollova stiller krav om uklanderleg vandel.

Slik søker du

Det kan ta opptil tre månadar før du får svar på søknaden. Søk derfor i god tid.

Du kan søke om salsløyve her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu..

Vedlegg du må ha med

Kor lang tid tek det?

Det kan ta opptil 3 månader før du får svar på søknaden. Søk difor i god tid før oppstart. Søknaden blir sendt til politiet og sosialtenesta for uttale, deretter blir søknaden behandla politisk.

Kostnad og omsetnadsoppgåve

Det er gratis å søke om salsløyve. 

Alle som har eit salsløyve skal betale eit årleg bevillingsgebyr til kommunen. Gebyret vert rekna ut ifrå kor mange liter alkohol salstaden forventar å omsetje neste år. Kvar salstad må melde inn omsetnadssoppgåve for alkoholholdig drikke kvart år. Satsane er fastsett i alkoholforskrifta. 

Her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. er skjema for omsetningsoppgåve, som skal sendast inn til Fitjar kommune seinast 01.mars kvart år. 

Salstider for alkohol i butikk

  • Måndag - fredag: 08.00-20.00.
  • Laurdag: 08.00-18.00
  • Dagar før heilagdagar frå kl 08.00 til kl 18.00 (gjeld ikkje dagen før Kristi Himmelfartsdag).
  • Sal og utlevering av alkoholhaldig drikk skal ikkje skje på søn- og heilagdagar, 1. og 17. mai.

Anna informasjon: 

Dersom det innanfor den 4-årige løyveperioden skjer endringar i drifta eller personar som er knytt til salsløyvet, skal det straks meldast frå til kommunen. Bruk skjemaet; Bevilling - melding om endringer Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu..

Eit salsløyve gjeld kun for alkoholhaldig drikk gruppe 1, over 2,5 volumprosent alkohol) med høgst 4,7 volumprosent alkohol

Lovar og forskrifter:

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?