Sal tobakk

Tobakksal - registrering og tilsyn

Alle verksemder som sel tobakk må registrere seg i Tobakkssalgsregisteret. Kommunen vil få eit oversyn over alle salsstadar og har ansvar for å føre tilsyn med rutinane til salsstaden for å førebyggje sal av tobakksvarar og e-sigarettar til mindreårige. Alle salsstader for tobakk må også kvart år betale ei tilsynsavgift til kommunen.

Verksemda sitt ansvar

Alle verksemder som sel tobakksvarar og tobakkssurrogater (som e-sigarettar) skal sjølv registrere salsstadane sine i Tobakkssalgsregisteret. Sal av tobakksvarar eller tobakkssurrogater på stadar utan registrering er ulovleg. Tobakkssalgsregisteret er offentleg og skal gje oversyn over salsstadar som sel tobakk. Altinn - Tobakkssalgsregisteret Lenke til et annet nettsted.

Pris for tjenesten

Fitjar kommune kan ta gebyr for dei årlege tilsyna i samsvar med forskrift.

Forskrift om regstrerings- og bevilingsordning for tobakksvarer § 33Lenke til et annet nettsted. Lenke til et annet nettsted..

Regelverk

Sjå spesielt Tobakksskadelova § 4, § 5, §§ 17-24, §§ 30-33, § 34a, § 34d, § 36b og § 42.

Sjå forskrift om registrerings- og bevillingsordning for regler om registrering, tilsyn og tilsynsavgift.
I folkehelselova, sjå kapittel 3.

Lover

Forskrifter

Praktiske opplysninger

- Registrering må skje seinst 14 dagar før salet startar, for å sikra at kommunen kan planleggje og føre tilsyn.

- Innlogging skjer ved bruk av ID-porten/MinID.

- For å kunna registrere på vegne av ei verksemd, må du ha ei bestemd rolle i verksemda, til dømes dagleg leiar, styreleiar eller lignande. Alternativt kan du få delegert rettar til å registrere på vegne av verksemda.

- Tobakksalgsregisteret: Tobakk- og bevillingsregisteret Lenke til et annet nettsted.


Skjenkekontrollane i Fitjar kommune vert utført av NoRoSun skjenke- og salskontroll. NoRoSun fører også tilsyn med salg av tobakssvarer ved kontroll av sals- og skjenkestader. 

Klagemulighet

Viss du er misnøgd med tilsynet til kommunen eller du ynskjer å klage på sanksjonar du har fått, vert gjort dette til statsforvaltaren. Det er folkehelseloven kapittel 3 som gjeld for klagehøvet ditt.

 

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?