Overnatting/Arrangement

Melding om overnatting og/eller arrangement

Dersom du skal bruka bygg til overnatting eller store arrangement som lokalet ikkje er godkjend for, skal du melda frå til brannvernet om dette.

Dette kan vera skular, barnehagar, forsamlingslokale, kyrkjer eller andre bygningar. 

Melding om overnatting og/eller arrangement må sendast brann- og redningsvesenet på førehand. Me ynskjer slik melding to veker før sjølve overnattinga/arrangementet. 

Meldingsskjema finn du her:

Overnatting - melding til brannvesenet Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Store arrangement - melding til brannvesenet  Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. 

 Det vert normalt ikkje sendt svar på meldinga, men i nokre høve kan me be om meir informasjon.

Det er alltid arrangøren som står ansvarleg for tryggleiken ved overnattinga eller arrangement. Ansvarshavande må gjera ei risikovurdering av kva uønska hendingar som kan oppstå, og kva tiltak dei krev.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?