Er du førebudd?
Norske myndigheiter tilrår at flest mogleg er førebudde på å klare seg sjølv i éi veke.
Fitjar kommune vil i ein krisesituasjon nytta meldingar via SMS og tale, i tillegg til nettstaden for å formidla viktig informasjon til innbyggjarane.
Det er òg viktig at du følgjer med i media. Kommunen og andre offentlege instansar vil prioritera liv og helse høgast, og du må difor førebu deg på å klara deg sjølv ei stund i ein krisesituasjon.
For at du skal bli varsla via SMS eller talemelding, må du vera registert i det sentrale kontakt- og reservasjonsregisteret.
Oppdater eller sjekk kontaktinformasjonen din her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu..
Kven varslar om krisesituasjonar?
Kven varslar om krisesituasjonar?
Fitjar kommune blir varsla av Statsforvaltaren i Vestland, dersom offentlege instansar ventar situasjonar eller hendingar som får innverknad på Fitjar-samfunnet.
I slike tilfelle vil kommunen informera innbyggjarane via nettstaden og Facebook. Informasjon det er viktig du får kjennskap til, vil i tillegg bli sendt via SMS.
Oppdater eller sjekk kontaktinformasjonen din her. Lenke til et annet nettsted.
Du kan i tillegg få informasjon frå desse offentlege instansane:
- Meteorologisk institutt - gjeldande OBS-varsel Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
- Fagne - Strømstans i Fitjar Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
- Statens vegvesen - vegmeldingar for Vestland Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Kva kan du gjera sjølv i ein krisesituasjon?
Kva kan du gjera sjølv i ein krisesituasjon?
Norske myndigheiter tilrår at flest mogleg er førebudde på å klare seg sjølv i éi veke.
Eigenberedskap handlar om å gjere samfunnet i stand til å handtere ei krise på best mogleg måte. Dersom flest mogleg er forberedt på å klare seg sjølv i ei veke, vil kommunen og naudetatane kunne prioritere å hjelpe dei som er avhengig av hjelp.
Dei mest grunnleggjande behova i ein krisesituasjon er: Varme, lys, drikke, mat, legemiddel, førstehjelp, hygiene og informasjon.
Eigenberedskapsråda blei oppdaterte i 2024. Du kan lese meir om dei på sikkerhverdag.no Lenke til et annet nettsted..
Sjekkliste
Sjekkliste for eigenberedskap
Under finn du døme på ting det er lurt å ha heime. Du bør med jamne mellomrom gå gjennom behova dine og oppdatere lageret ditt. Hugs at det er fint mogleg å samarbeide med familie, vennar og naboar om eigenberedskap.
Viktige lenkjer og brosjyrer
Brosjyra "Slik bidrar du til Norges beredskap" finn du her på fleire språk:
Egenberedskap på flere språk Lenke til et annet nettsted.
Viktige lenkjer:
sikkerhverdag.no Lenke til et annet nettsted..
Beredskap i heimen Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Førebu deg på storm, uvêr og at straumen blir vekke Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Informasjon og kommunikasjon i Kriser - Sikkerhverdag Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Video med informasjon om eigenberedskap på teiknspråk (nedst på sida) Lenke til et annet nettsted.
Sist oppdatert

