Lag din egen "nødplakat"
Det er framleis eigedomar i Fitjar kommune som ikkje har fått tildelt adresse, spesielt gjeld dette fritidseigedomar.
Det er framleis eigedomar i Fitjar kommune som ikkje har fått tildelt adresse, spesielt gjeld dette fritidseigedomar.
Inntil vegadresse vert tildelt oppmodar me om å laga sin eigen "Nødplakat". Dette er utskrift av ein «plakat» som alle enkelt kan lage sjølv på PC-en sin. Utskrifta inneheld den nøyaktige geografiske posisjonen for den staden du vel å lage nødplakat for. Dette kan vere livsviktig hjelp viss du er på ein stad der du er usikker på adressa, som til dømes på hytta. Det kan òg vere lurt å ha ein nødplakat heime i stova eller gangen.
I ein krisesituasjon der det er nødvendig med akutthjelp frå politi, brannvesen eller ambulanse, kan ein nødplakat vere avgjerande for at hjelpa kjem raskt nok fram.
Her kan du lage gratis nødplakat Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. på sidene til Norsk luftambulanse.
Sist oppdatert
