Vestland må ta nokre store val - No kan du påverke dei.
I to nye regionale planar foreslår Vestland fylkeskommune viktige grep for korleis fylket skal utvikle seg dei komande åra.
No er planane på høyring, og du kan seie meininga di fram til 1. november.
Fylkesutvalet vedtok 24. august å legge to planar ut på høyring:
Det betyr at kommunar, lag og organisasjonar, næringsdrivande, utdanningsinstitusjonar, ungdomsutval og heilt vanlege innbyggjarar no kan vere med og påverke.
Fylkestinget skal vedta dei endelege planane i mars, etter å ha gått gjennom alle innspel som kjem inn.
Bak dei lange plannamna ligg spørsmål som får betydning for utviklinga i alle delar av fylket: bustader og næringsareal, vegar og transport, arbeidsplassar og utdanning, energi, natur og beredskap.
Og ikkje minst: Korleis skal Vestland utvikle seg når vi blir færre i arbeidsfør alder og konkurransen om folk med rett kompetanse blir hardare?
I desse nye regionale planane foreslår Vestland fylkeskommune viktige grep for korleis fylket skal utvikle seg dei komande åra.
Høyring: Regional plan for verdiskaping og kompetanse
Regional plan for verdiskaping og kompetanse set rammene for korleis Vestland skal utvikle næringsliv, arbeidsplassar og kompetanse dei neste åra. Planen er viktig fordi fylket står overfor store utfordringar: fleire eldre, færre i arbeid og eit næringsliv som må stille om til lågare utslepp og ny teknologi.
Meir informasjon om planane og planprogram, og lenke til skjema for innsending av uttale finn de på nettsidene for planen her:
Høyring: Regional plan for areal og mobilitet
Regional plan for areal og mobilitet handlar om korleis vi brukar areala i Vestland på ein smart og berekraftig måte. Planen er viktig fordi vi må redusere klimagassutslepp, ta vare på natur og matjord, og samstundes sikre at Vestland er eit godt stad å bu og drive næring.
Meir informasjon om planane og planprogram, og lenke til skjema for innsending av uttale finn de på nettsidene for planen her:
Høyring: Regional plan for areal og mobilitet Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Digitalt høyringsmøte
Det blir arrangert digitalt høyringsmøte Lenke til et annet nettsted. 16. sept klokka 08.30-10.00.
Møtet er ope for alle.
Tekst: Vestland fylkeskommune.
Sist oppdatert
Høyringsmøte:
Digitalt høyringsmøte Lenke til et annet nettsted. 16. sept klokka 08.30-10.00. Møtet er ope for alle.


Illustrasjonsfoto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune)
