Oppussing/ombygging av biblioteket i haust

Biblioteket er stengt frå 11. september, grunna oppussing og ombygging

Grunna oppussing og ombygging vil biblioteket vere stengt store delar av hausten 2026. Engevik og Tislevoll vil starte arbeidet i veke 39, så biblioteket må tømmast før det. Arbeidet med tømming startar fredag 11.september. Siste ordinære opningsdag vil vere torsdag 10.september til kl.16.

Avgrensa moglegheit for lån

Når bøkene vert pakka ned, vil det vere avgrensa moglegheit for å finne fram i samlinga. Difor vil det også vere avgrensa moglegheit for å bestille og låne bøker. Ta gjerne kontakt med biblioteket dersom du treng lesestoff, så hjelper vi deg med tilrådingar.

Lang lånetid

Bøker som vert lånte frå no av, får lånetid fram til 4. januar 2027. Ønskjer du å levere tidlegare, kan du nytte innleveringskassa i gangen.

Bøker med venteliste

Bøker med venteliste er unnatekne den utvida lånetida. Desse må hentast i hentehylla som vert sett opp i foajeen på kulturhuset. Bøkene vert registrerte på namnet ditt, slik at du kan hente dei direkte frå hylla.

Vi beklagar ulempene dette medfører, og ser fram til å ønskje alle velkomne tilbake til eit oppgradert og meir attraktivt bibliotek.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?