Informasjon om bruk av restlysforsterkande og termiske hjelpemiddel under hjortejakta

I Fitjar kommune vert det ikkje innført lokal forskrift, som opnar for bruk av restlysforsterkande eller termiske siktemiddel under hjortejakta i inneverande jaktsesong.

Ei eventuell forskrift vil først verta vurdert gjennom sakshandsaming og høyring etter nyttår. Dersom kommunen seinare vedtek ei slik forskrift, vil desse hjelpemidla tidlegast kunne nyttast frå jakta i 2027.

Dette inneber at dei ordinære reglane gjeld for jakta i 2026. Handhaldne termiske kikertar og observasjonsutstyr kan nyttast til observasjon, men termiske og restlysforsterkande siktemiddel kan ikkje nyttast under ordinær hjortejakt i Fitjar kommune per i dag.

Bruk av termisk kikkert til observasjon endrar ikkje rapporteringskrava. Hjort som vert observert ved bruk av termisk kikkert skal registrerast som «sett hjort» på same måte som observasjonar gjort utan slike hjelpemiddel.

Denne avklaringa gjeld berre ordinær hjortejakt. Ved ettersøk av skadd vilt gjeld eigne reglar, og bruk av termisk utstyr og restlysforsterkande utstyr er framleis tillate der regelverket opnar for dette.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?