Kong Harald V til minne
Det er med stor sorg me har motteke bodskapen om at Hans Majestet Kong Harald V er gått bort, 89 år gamal.

Gjennom si lange og trufaste teneste for landet har Kong Harald vore eit samlande symbol for Noreg og det norske folket. Med varme, klokskap og eit djupt engasjement for menneska han tente, har han sett varige spor etter seg og vunne ein særskild plass i hjarta til mange.
På vegner av innbyggjarane i Fitjar kommune vil me uttrykkja vår djupaste medkjensle med Hennar Majestet Dronning Sonja, den kongelege familien og alle som sørgjer over kongens bortgang.
Me minnast med takk og respekt den store gjerninga Kong Harald har lagt ned for Noreg gjennom eit langt liv i teneste for landet og folket.
Fitjar kommune lyser fred over Kong Harald V sitt minne.
Wenche Tislevoll
Ordførar i Fitjar
Sist oppdatert

Kondolanseprotokoll i Fitjar kommune
I samband med bortgangen til Hans Majestet Kong Harald V, legg Fitjar kommune ut kondolanseprotokollar der innbyggjarar har høve til å uttrykkja medkjensle og takksemd gjennom ei siste personleg helsing.
Protokollen vert lagd ut frå måndag 31. august kl. 09:30 i Fitjar Rådhus.
Opningstider:
Måndag, onsdag og fredag kl. 09:30 – 14:30
Tysdag og torsdag kl. 09:30 – 18:00.
Helsingane vil verte tekne vare på og formidla vidare i samsvar med nasjonale retningsliner.
Nettsida vert fortløpande oppdatert med informasjon om markeringar og praktiske ordningar i samband med Kong Harald V sin bortgang.
