Tuning in to Teens (TINT) er eit gruppebasert kurs for foreldre, som handlar om å styrke den følelses-messige forbindelsen mellom foreldre og ungdom. Målet er å møte ungdommens følelsar med nærheit og forståing, setje sunne grensar som ungdommane aksepterer og å støtte både foreldres og ungdommens evne til å regulere følelsar betre. Å vera bevisst på og forstå eigne reaksjonsmønster, kan hjelpe oss med å handtere følelsar meir effektivt.

Tilbodet er for familiar med barn/ungdom mellom 10 - 17 år. 

I TINT kurset tar ein opp tema som:

  • Kommunikasjon mellom ungdommen og forelderen 
  • Ungdommen i utvikling
  • Korleis hjelpe ungdommen til å handtere sine følelsar
  • Korleis hjelpe ungdommen med å handtere konfliktar
  • Grensesetting i ungdomstida

Når er det og kor mange kursdagar er det?

Kurset består av 6 økter, kvar varer i 2 timar og heldes enten på dagtid (mellom 09.00-15.00) eller om ettermiddagen (frå 16.30-18.30). 

Eit nytt Tuning into teens kurs planleggast våren 2024, forutsett tilstrekkeleg påmelding. Det er også mogleg å melde seg på som ei eiga gruppe med minst fem deltakarar. Individuell rettleiing er også mogleg. Kurset er gratis.

Vil du melde deg på eller har du spørsmål, kontakt:

Karen Marie Sætre                                                           
E-post: karsat@fitjar.kommune.no
Miljøterapeut, NAV Fitjar                                              
Tlf: 938 62 515