Strøsand til eldre og uføre
03.02.2010
Det vert høve for eldre og uføre¨å venda seg til frivilligsentralen og få tilkjørt strøsand. Tlf. 53499091
"Treffstaden"
15.01.2010
Nytt tilbod innan psykisk helseteneste, lågterskel dagtilbod "Treffstaden"
Dagtilbodet vert opna i 2. høgda i Fitjar Kultur– og Idrettsbygg. Ope kvar onsdag frå 20.01.10. frå kl. 12.00 - 15.00.
PRIDE - opplæringsprogram for fosterhjem
20.01.2010
PRIDE er et opplæringsprogram for deg som lurer på om det å være fosterhjem passer for din familie. Du får en unik mulighet til å lære mer om å bli fosterforeldre, om fosterbarn og systemet rundt dem. Kurset er gratis. Nysgjerrig? Kontakt Svein Knutsen snarest på tl. 466 18 312
Oppstart første uke i februar - det er plass til 10 familier
Massevaksinasjonen mot svineinfluensa.
17.12.2009
Helseavdelinga vil ikkje tilby fleire ”vaksinedagar”, då ein no ser seg stort sett ferdig med vaksineringa. Dei som no ynskjer vaksine må tinga time tlf. 53458607, då det vil verta sett av tid nokre mandager framover.
Tidlegare anbefaling frå helsemyndigheitene om 2 vaksinedosar til barn under 10 år er endra. Anbefalinga er no 1 dose, og dersom det skjer endring her kjem ein attende til det. For meir info sjå www.pandemi.no
Informasjon om feiing og tilsyn med fyringsanlegg
15.12.2009
http://www.fitjar.kommune.no/forside/informasjon-om-feiing-og-tilsyn-med-fyringsanlegg-i-fitjar-k/
Ledige helgestillingar
11.12.2009
Det er ledige helgestillingar i avlastingsbustaden og i Havnahuset omsorgssenter.
Kontakt Vigdis Tislevoll på tlf. 53 45 86 04 / 906 78 136 for meir info.
Ledige stillingar på Fitjar bu- og behandlingssenter
08.12.2009
Til utvida drift på demensgruppa lyser me etter følgjande nye faste stillingar:
100 % st. autorisert sjukepleiar, stillingsnemning gruppeleiar ID 56.
85 % st. ID 57, + 4 helgestillingar ID 59, ca. 29 % med arbeid annakvar helg for hjelpepleiarar/helsefagarbeidar.
60 % stilling, me søkjer primært etter autorisert sjukepleiar, men hjelpepleiar kan og søkje ID 58.
For meir info ring Ellen Sandsmark tlf. 53 45 86 23.
Bygdebøker
04.12.2009
Bygdeboka bind I og II samt boka "Bygdeskipnad og Bygdesoga" kan kjøpast i kundetorget på rådhuset. Pris pr. stk. kr. 250,-.
Eigedomsavgifter 2010
26.11.2009
Med heimel i lov om vass- og kloakkavgifter § 3 med tilhøyrande forskrifter og forvaltningslova § 37, vert det med dette førehandsvarsla at kommunen sine betalingssatsar for vatn, avløp, renovasjon, slamtøming og feiing kan bli endra med verknad frå 1. januar 2010.
Endringane vil gå fram av kommunestyret sitt vedtak om budsjett for 2010.
Støttekontaktar
25.11.2009
Fitjar kommune treng støttekontakter for funksjonshemma born og ungdom.
Ved å engasjera deg som støttekontakt kan du bidra til å gjera kvardagen meir meiningsfylt, for dei personane som treng denne tenesta. Det kan vera at brukar treng å koma ut i ein aktivitet, like viktig er det at foreldre til funksjonshemma treng ”avlasting” desse timane.
Helse Vest overtek pasientreiser frå NAV
04.11.2009
PRESSEMELDING
Helse Fonna overtek som første helseføretak i Helse Vest, det fulle ansvaret for pasientreiser. Overtakinga frå NAV skjer 5. november 2009 og ny ordning blir innført gradvis i heile regionen. Overtakinga inneber nokre praktiske endringar for pasientane, men rettane er uendra.
Vaksinasjon mot "Svineinfluensa"
23.10.2009
Vaksinasjon er det mest effektive tiltaket for å beskytta seg mot pandemisk influensa (svineinfluensa).
Helsemyndighetene anbefalar i første omgang vaksinasjon av risikogrupper for å forebyggja alvorlig sjukdom og død.
Etter vaksinasjon av risikogrupper vil der komme oppslag angående tidspunkt for vaksinasjon av resten av befolkningen.
Vaksinen vil kosta 50 kroner pr. vaksine og ein må truleg ha 2 dosar med minimum 3 veker mellom for å få best vern mot sjukdomen.
Risikogrupper:
- Gravide
- Vaksne og barn fra 6 mnd. til 64 år med;
kronisk luftvegsjukdom
kronisk hjarte- og karsjukdom
nedsett forsvar mot infeksjonar
diabetes type 1 eller 2
kronisk nyresvikt eller leversvikt
kronisk nevrologisk sjukdom eller skade
personar med svært alvorlig fedme
Eigedomsskatt og klagehandsaming eigedomsskatt
23.10.2009
Faktura og forfall:
Me har no lagt ut første faktura for eigedomsskatten. Den har forfall 13 november. Neste faktura vil koma saman med 4 termin for kommunale avgifter, i slutten av november.
Informasjon om feiing og tilsyn med fyringsanlegg i Fitjar kommune
28.09.2009
For å ivareta forskriftskrav, vil feietenesta i Fitjar kommune bli noko endra i høve til tidlegare år. Tidlegare år har det vore praktisert feiing kvart år, og tilsyn har vore utført dersom huseigar har bede om dette, eller ved ny installering av eldstad, eller endring av eldstad.
Støttekontaktar
17.09.2009
Fitjar kommune treng støttekontaktar snarast. Ta kontakt med helse- og sosialsjef Anne Berit Hovstad Johansen på tlf. 53458500.
Influensasituasjonen i Fitjar
31.08.2009
Helseavdelinga sende før barnehage- og skulestart ut brev med informasjon om svineinfluensa, basert på overordna helsemynde sine råd. Det har i ettertid kome opp mange spørsmål, særleg om kva som er influensa og kva som er andre luftvegsinfeksjonar.
Les brevet med oppdatert informasjon frå legane i Fitjar her.
Me viser også til helsestyresmaktene sine internettsider med informasjon og råd, www.pandemi.no og www.fhi.no
Interessert i kortare vikariat i barnehage og grunnskule?
14.08.2009
Dersom du er interessert i å vera vikar i barnehage eller grunnskule, ta kontakt med skulekontoret på tlf 53458525 eller direkte med styrar/rektor ved den enkelte barnehage/skule.
Ny forskrift om minsteareal for tildeling av hjorteløyver
08.07.2009
Ny forskrift om minsteareal for tildeling av hjorteløyver i Fitjar kommune vart godkjend 28. mai 2009, og er gjort gjeldande frå 1. juni 2009.
Klima- og energiplan for Fitjar kommune
08.07.2009
Klima- og energiplan for Fitjar kommune vart vedteken av kommunestyret 17.06.2009. Planen skal vera ein reiskap som tek heilskapsomsyn i saker som vedkjem energi og klima i Fitjar kommune.
Nye vedtekter og satser for SFO
02.07.2009
Fitjar kommunestyre har fastsett nye vedtekter for SFO. Det er fleire endringar i dei nye vedtektene og det er dessutan gjort ei justering av betalingssatsane. Endringane er gjeldande frå 01.08.2009.
Du finn dei nye vedtektene med betalingssatsar her.
Skuleruta for 2009 - 2010
09.02.2009
Utval for Oppvekst og omsorg har i møte 27.01.09 vedteke skulerute for skuleåret 2009-10. Sjølv om det er ei stund til, kan det vera verdt å merka seg datoar for både skulestart og ferie og fridagar i løpet av skuleåret.
Skulebruksplan
13.11.2008
Skulebruksplan 2008 -2012.
Skulebruksplanen vart godkjent i Fitjar kommunestyre 29.10.2008.
Planen finn du her.


