Planendringa gjeld 2 tomter i planen, H31 og H52.  Planendringa går på eit ønskje om å ha høve til å byggja fleire mikrohytter på desse to tomtene i staden for ein fritidsbustad i normal storleik på kvar.

 

Det er gjort følgjande endringar i plankartet:

- Byggegrensa mellom tomtene H31 og H52 er slått saman.

 

Et bilde som inneholder kart, tekst, plan, diagram

Automatisk generert beskrivelse

 

Det er gjort følgjande endringar i føresegner:

 

§2.1 har fått følgjande tilleggstekst:

Parkeringsplassen f_P2 skal vere ferdig opparbeidd før det kan gjevast bruksløyve/ ferdigattest for meir enn til saman 2 einingar på H31 og H52.

 

Tekst i § 3.2.9 er endra frå dette:

Det kan maks byggjast to bygningskroppar på tomtene H1-H18, H20-31, H33-H45 og H48-H54. H19 og H32 kan ha maks tre bygningskroppar på tomta.

 

Til dette:

Det kan maks byggjast to bygningskroppar på tomtene H1-H18, H20-30, H33-H45, H48-H51 og H53-H54. H19 og H32 kan ha maks tre bygningskroppar på tomta.

 

Ny § 3.2.10 er lagt inn:

Det kan byggjast 2-4 fritidsbustadeiningar på kvar av tomtene H31 og H52, kor største storleik pr. fritidsbustadeining er 65m2, og maks BYA pr tomt er 130m2. f_P2 skal vere felles parkeringsplass for einingane på desse to tomtene og einingane skal ha felles uteområde.

 

§ 4.5.1 har fått følgjande tilleggstekst:

F_P2 skal vere felles parkeringsplass for tomtene H31 og H52 innanfor FF16.

 

Det er ikkje gjort endringar i planomtalen.

 

Møtebok sak PS 3/24 - Utval for plan og utvikling 23.01.2024
Føresegner Hellandssjøen PlanID 201303
Plankart

 

Før det kan treffast endeleg vedtak, skal saka føreleggjast rørte mynde, og eigarar/festarar av eigendomar som er direkte rørt av vedtaket skal gje høve til å uttala seg.

 

Eventuelle merknader skal merkast SAK 22/796, og sendast til fitjar@fitjar.kommune.no innan 06.03.2024.