Utval for plan og miljø fatta i møte 13.07.2023 vedtak på sommarfullmakt av utvalsleiar at planendring for Detaljregulering for Fitjar Mekaniske Verksted PlanID201206 kan starte opp og gjennomførast som mindre endring.

 

Det vart halde førehandskonferanse der planendringa første gong vart presentert for kommunen 17.12.2021, og det vart halde oppstartsmøte for planendringa 11.02.2022.

 

Kommunen mottok reviderte plandokument for planendringa 03.11.2023.

 

  • Plangrensa er utvida i sør med om lag 0,2 daa.
  • Land(kai)arealet er utvida noko mot sør-vest.
  • Byggehøgde er auka, og endra til kotehøgd i staden for høgde over terreng.

 

Før det kan treffast endeleg vedtak, skal saka føreleggjast rørte mynde, og eigarar/festarar av eigedomar som er direkte rørt av vedtaket skal gje høve til å uttala seg.

 

Eventuelle merknader skal merkast SAK 22/810, og sendast til fitjar@fitjar.kommune.no innan 08.03.2024.

 

Plandokumenta finn du her:


Møtebok sak PS 38/23 - Utval for plan og miljø 13.07.23

Plankart PlanID 201206 Fitjar Mekaniske Verksted mindre endring

Nye føresegner for PlanID 201206

Planomtale Mindre endring av gjeldande plan- Fitjar Mekaniske Verkstad

Referat frå oppstartsmøte FMV-Fitjar kommune 11.01.22

Miljøteknisk sedimentunderskelse