ID 917 Helsearbeidar 21,1 % fast stilling natt - Gartnartunet
Har DU lyst på eit meiningsfullt arbeid kvar 4.helg på natt? Då må du søkje nattevaktstilling på Gartnartunet!
Stillinga er Gartnartunet burettslag. På Gartnartunet bur det seks vaksne med ulike hjelpebehov. Arbeidet er organisert i turnus med vaken nattevakt, arbeid kvar 4. helg
Me treng deg som:
- Er strukturert og pliktoppfyllande
- Likar å arbeide natt
- Fagleg interessert
- Likar å ta ansvar og føl dette opp
- Er stabil og påliteleg
- God på å skape relasjonar, både med brukarar, pårørande og kollegaer
- Gi omsorg, skapa tryggleik og livskvalitet
- Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- Har gode samarbeidsevne
Kvalifikasjonskrav:
- Sjukepleiar/vernepleiar/fagarbeidar i relevant fag
- God norsk framstillingsevne både munnleg og skriftleg
- gode grunnleggande datakunnskapar
Ved tilsetjing vert det stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato.
Me kan tilby:
- Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
- Godt arbeidsmiljø
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
- Offentleg tenestepensjon i KLP
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Søknad vert registrert her: https://skjema.no/fitjar/4615_703102
Kontaktpersonar: Lillian K Vik Einingsleiar : 97466296
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Fitjar er ein øykommune som ligg vakkert til på nordsida av øya Stord i Sunnhordland. Her finn du framleis urørt kystlandskap, ein unik skjærgard med idylliske vikar og omlag 380 øyar, holmar og skjær. På øya er det mange flotte, merka turstiar i som er mykje nytta.