Kunngjeringar
Fastsetjing av planprogrammet til kommuneplanen sin arealdel
Planprogrammet til kommuneplanen sin arealdel (KPA) vart fastsett i kommunestyret 21.11.2023.
Lyst til å eta varm lunsj samen med andre seniorar i Fitjar?
Informasjon om opparbeiding av nytt VA-anlegg - Leirpollvegen
I samband med opparbeiding av nytt VA-anlegg, gatelys og fortau, vert det arbeid i Leirpollvegen frå september 2023
Områderegulering for Fitjar sentrum
Høyring - Planprogram for rullering av kommuneplanen sin arealdel (KPA)
Fitjar kommunestyre vedtok i møte 21.06.2023 å senda framlegg til planprogram for rullering av kommuneplanen sin arealdel på høyring og offentleg ettersyn, i medhald av plan- og bygningslova § 11-13.
Områderegulering for Fitjar sentrum PlanID201901 - 3. gongs handsaming, avgrensa høyring
Områderegulering for Fitjar sentrum vart 3. gongs handsama i formannskapet i møte 16.05.2022.
Planen vert no lagt ut på 3. gongs avgrensa høyring og ettersyn. Høyringa går berre til Statsforvaltaren i Vestland, NVE og berørte grunneigarar av endringar etter 2. gongs høyringa, med 3 vekers høyringsfrist.
Høyring - Oppvekstreforma - plan for det heilskaplege førebyggjande arbeidet i Fitjar kommune for barn og unge
Detaljregulering Port Steingardseid PlanID202104 - 2. gongs handsaming
Kommunestyret i Fitjar fatta slikt vedtak i møte 15.03.2023:
Fitjar kommunestyre stadfestar Detaljregulering for Port Steingardseid del av gnr/bnr 61/348 m.fl. planID 4615_202104 med plankart revidert 03.01.23, føresegner revidert 16.02.23 og planomtale med ROS-analyse revidert 22.02.2023 vert godkjent.
Denne detaljreguleringa erstattar/opphevar fylgjande reguleringsplanar:
Port Steingardseid, med PlanID 4615_201104 (heile planen)
Kråko, med PlanID 4615_200304 (del av planen) og følgjande delplanar:
Delplan nr 6 Streingardsneset (deler av planen)
Delplan nr 10 Høgakråko (heile planen)
Vedtaket er fatta med heimel i plan og bygningslova § 12-12.