I medhald av plan- og bygningslova §§ 12-3 og 12-8 vert det varsla oppstart av detaljregulering for gnr. 61 bnr. 695 og 720 m/fl. og del av gnr. 61 bnr. 240 - Vestbøstad.

Målet med planen er å leggja til rette for ei utviding av eksisterande bustadfelt på Vestbøstad, vest for tettstaden
Fitjar.                      Kart_450x448.jpg       

Planen skal vidare leggja til rette for naust og naudsynt infrastruktur.
Ein ser føre seg ei bustadutbygging på om lag 30 bueiningar med både frittståande bustadhus
og meir konsentrerte bustader.
Tilkomst til den delen av bustadfeltet som no planleggjast vil være over noverande vegnett. Løysingar for både fotgjengarar, syklande og køyrande vil bli aktuelt.

Aktuelle planformål vil væra bustad, naust, leikeplass, parkering, friområde, LNF og veg.
For varsla område er det sett av areal for naudsynt frisikt.

Varsla område er på om lag 77 daa og er i kommuneplanen for Fitjar, 2011-2022
sett av til noverande bustadområde (B), framtidig barnehage (BH), LNF-område, noverande
friområde og framtidig småbåthamn (SA3).
Området er dessutan omfatta av omsynssoner for funksjonell strandsone, landbruk og kolerakyrkjegard.

Området er òg omfatta av to detaljsonar der reguleringsplan for Vestbøstad I og II (PlanID 198001) og 
Vestbøstad III (PlanID 199301) framleis skal gjelda med utfyllande retningsliner i kommuneplanen.

I høve til §6 og §8 i forskrift om konsekvensutgreiing er planlagt detaljregulering vurdert til ikkje å bli omfatta av forskrifta.

Det er planlagt ei utviding av regulert naustområde jf. gjeldande kommuneplan med inntil 8 naust. Naustformål er vurdert til ikkje å bli omfatta av forskrifta.
Planlagde tiltak vil i stor grad væra i samsvar med overordna plan og vurderast ikkje å få vesentlege verknader for miljø og samfunn.

Eventuelle spørsmål rettast til Petter J. Rasmussen AS v/Kim Kendel,  tlf. 98 46 21 06

Synspunkt, merknader eller andre relevante opplysningar kan sendast til Petter J. Rasmussen AS, Diktervegen 8, 5538 Haugesund, eller på e-post: kim@petter-rasmussen.no innan 28.11.2020.