3 dosering
Foto: Pixabay

Ta kontakt med Fitjar Helsestasjon om du treng dose 1, 2 eller 3. Nytt gjerne e-post: helsestasjon@fitjar.kommune.no eller tlf: 48 048 730.

Gjennomgått koronainfeksjon
Dersom vaksne har vore smitta av koronaviruset skal ein ikkje ta koronavaksine på minimum 3 månader.  Minner også om at det skal gå minst ei veke (7 dagar) mellom vaksine mot andre sjukdomar, og koronavaksine.

Immunitet gjennom infeksjon, med eller utan ein dose vaksine, kan gje brei og varig beskyttelse hjå barn og unge. Gjennomgått koronainfeksjon tilsvarar ein vaksinedose.

Alle som ynskjer koronavaksine skal få. Følg med på gjeldande intervall når det gjeld dose 1, 2 eller 3, og ved gjennomgått koronasjukdom:

Dose 1 og 2
3 veker mellom dose 1 og 2.

Dose 3
Det må gå 20 veker mellom dose 2 og dose 3. Unnataket er personar med alvorleg immunsvekking, som skal ha eit intervall på 3 månader etter dose 2.

Boosterdose
Oppfriskningsdoser til personer med alvorlig nedsatt immunforsvar. Personer med alvorlig svekket immunforsvar anbefales 3 doser i grunnvaksinasjonsserien i tillegg til én oppfriskningsdose 3 md etter dose 3.

Barn og unge
Barn og unge 12 – 16 år. Ta med signert samtykkeskjema, som du finn her: 

Born under 12 år
Foreldre som ynskjer vaksine til barn under 12 år, kan ta kontakt med Fitjar helsestasjon. E-post: helsestasjon@fitjar.kommune.no eller tlf: 48048730.

For meir informasjon, sjå FHI sine sider om koronavaksinasjon. Sjekk gjerne www.helsenorge.no for vaksinestatus og koronasertifikat