Søknadsprosess

Barnehageeigar/styrar kan søkje om midlertidig dispensasjon frå norm for pedagogisk bemannnig eller midlertidig dispensasjon frå utdanningskravet og kravet om norskferdigheiter. For å søkje om dispensasjon må du sende inn ein søknad om dette. I Fitjar kommune er det barnehagemynde som innvilge slike søknadar. 

Søknadsfrist
Om barnehagen ikkje klarer oppfylle norm om pedagogisk bemanning, kan ein søkje om midlertidig dispensasjon. Dispensasjonen trår tidlegast i kraft frå barnehagemynde sin vedtaksdato. 

Vedlegg
Ein søknad om midlertidig dispensasjon må dokumenterast. Sjekk for kvar søknad kva ein må leggje ved av vedlegg. 

Vedtak
Barnehagemynde gjer eit skriftleg enkeltvedtak når ein innvilge eller avslår ein søknad om midlertidig dispensajson. Vedtaket grunngjer kvifor søknaden om midlertidig dispensajson er innvilga, innvilga med vilkår eller avslått. 

Klage
Du kan klage på eit enkeltvedtak. Fristen er tre veker frå vedtaket er motteke. Du må grunngje kvifor du klagar på vedtaket. 

Klagen sendast til barnehagemynde for førebuing og vurdering. Opprettheld barnehagemynde helt eller delvis vedtaket, vert klagen sendt til Statsforvaltaren i Vestland der endeleg vedtak vert fatta. 

Kva kan barnehageigar søkja dispensasjon for?

Barnehagemynde kan innvilge dispensasjon frå norm for pedagogisk bemanning, frå utdanningskravet og kravet om norskferdigheiter. Dispensasjonen varar inntil eitt år. Nedanfor ser du dispensasjonar ein kan søkja om, og kriterier barnehagenmynde skal vurdere søknaden etter. 

Søknadsskjema finn du her. 

Forskriftens §3 om midlertidig dispensasjon frå utdanningskravet til pedagogisk leiar
Kriteria søknaden vert vurdert etter:

  • Stillinga har vært offentleg utlyst i medier og digitale plattformer det det er naturleg å nå moglege søkjarar. Barnehagen si nettsida er ikkje å rekna som tilstrekkeleg for offentleg utlysing. 
  • Utlysingsteksten gjer nødvendig informasjon til aktuelle søkjarar
  • Kvalifiserte søkjarar har fått tilbod om stillinga
  • Det har ikkje meldt seg kvalifiserte søkjarar
  • Kompetanse og erfaring til den det vert søkt om dispensasjon for
  • Eigar og styrar si grunngjeving for den dei søkjar om dispensasjon for
  • Kor sannsynleg er det at barnehagen vil få tilsett ein kvalifisert søkjar innan rimeleg tid
  • Norskferdigheiter
  • Barnehagemynde si generelle risikovurdering av barnehagen

Krav om vedlegg:

  • Utlysningsteksten som er nytta i annonsa til den aktuelle stillinga

Kommunen sine vilkår:

  • Regelmessig rettleiing til den ein søkjar dispensasjon for
  • Plan for rettleiing skal sendast inn til barnehagemynde etter at dispensasjon er innvilga
  • Dispensasjon blir gitt til ein bestemt person i ein bestemt barnehage

Forskriftens §3 om midlertidig dispensasjon frå krav om norskferdigheiter
Det kan søkast om dispensasjon frå kravet om norskferdigheiter for personar med utanlandske yrkeskvalifikasjonar som styrar eller pedagogisk leiar. Stillinga må da har vore offentleg utlyst utan at kvalifiserte søkjarar har meldt seg. Ta kontakt med barnehagemynde på e-post: moni@fitjar.kommune.no for meir informasjon. 

Forskriftens §2 om midlertidig dispensasjon frå norm for pedagogisk bemanning
Det kan søkast om dispensasjon for inntil eitt år om gongen dersom særlege omsyn talar for det. Barnehageeigar skal legge ved uttale frå barnehagen sitt samarbeidsutval i søknaden. 

Kriteria som søknaden vert vurdert etter:

  • Barnehagegruppene si samansetning og behov
  • Barnehagen sitt fysiske miljø (ute- og inne areal)
  • Barnehagen si total bemanning
  • Personalet si samla kompetanse
  • Uttale frå samarbeidsutval
  • Barnehagemynde si generelle risikovurdering av barnehagen

Krav om vedlegg:

  • Oversikt over totalbemanning
  • Uttale frå samarbeidsutvalet 

Kommunen sine vilkår:

  • Barnehagen sin plan for å komme i tråd med pedagogisk bemanning