Særskilde miljøtilskot i landbruket - SMIL-midlarMur.png
Dette gjeld tilskot til tiltak som fremmer natur- og kulturverdiane i jordbrukets kulturlandskap og
reduserer forureining frå jordbruket.

Eigar eller leigar av landbrukseigedom der det er jordbruksproduksjon med rett på produksjonstilskot, kan søkje om SMIL tilskot. Den som leiger må ha godkjenning frå eigar.

Døme på aktuelle tiltak er istandsetting av kulturlandskap, kulturminne og bygningar. Tiltak som reduserer forureining frå jordbruket kan være tak over eksisterande gjødsellager, flaumdempande tiltak og erosjonssikring.

Søknadsskjema finn du her  Lokale tiltaksstrategier for 2020 - 2023 finn du her

Søknadsfrist 15. mai

Har du spørsmål, ta kontakt med  Åse Nøttveit  asno@fitjar.kommune.no   tlf 53 45 85 48

 

Tilskot til investering i beiteområde
Sau.jpgGjeld tilskot til tiltak som bidreg tio å legge til rette for best mogleg utnytting av beie i utmark, redusere tap av dur på utmarksbeite og fremme fellestiltak i beiteområda.
Lag, foreiningar og føretak som driv næringsmessig beitedrift kan søkje. Enkeltføretak kan søkje når
det på grunn av naturgitte eller driftsmessige forhold ikkje ligg til rette for samarbeid.  Døme på aktuelle tiltak er elektronisk overvakingsutstyr og gjerde, sankegardar og sperregjerde.

Søknadsskjema finn du her  Lokale tiltaksstrategiar for 2020 - 2030 finn du her

Søknadsfrist 15. mai

Har du spørsmål, ta kontakt med  Åse Nøttveit  asno@fitjar.kommune.no   tlf 53 45 85 48

 

Tilskot til drenering av jordbruksareal
Løe.jpgInnkomne søknader vert handsama fortløpande fram til 1. november

Eigarar og leigetakar av jordbruksareal kan søkje om tilskot til drenering av tidlegare grøfta jordbruksareal og til planerte areal, som ikkje er grøfta.

Det løyvast ikkje dreneringstilskot til søkjar, dersom tiltaket er påbegynt før søknaden er handsama.  Satsen er kr 2 000,-pr daa systematisk grøfting.
For usystematisk grøfting er satsen kr 30,- pr meter.

Søknadsskjema finn du her

Har du spørsmål, ta kontakt med Annette Mek Vik anevik@fitjar.kommune.no, tlf 53 45 85 40