Kommunale vegar, fylkesveg og Europaveg
Diverse informasjon angåande vegar i Fitjar
Fitjar kommune har ansvar for dei kommunale vegane.
Fylkesvegar og riksvegar:
Fylkesvegar og riksvegar:
Når det gjeld fylkesvegar, er det Vestland fylkeskommune har ansvar for desse. Her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. kan ein finna meir informasjon angåande fylkesvegane. Statens vegvesen har ansvaret for riksvegane.
Opplysningar om kven som eig vegen, kan ein finna på Statens vegvesen sitt vegkart Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu..
Meld om manglande lys, brøyting, strøing mv.
Meld om manglande lys, brøyting, strøing mv.
Meld inn saker til kommunen som f.eks:
- Hol i veg
- Mørke gateljos
- Manglande brøyting og strøing
- Trafikktryggleik
- Forsøpling
og anna
via kommunen si epostadresse:
Brøyting og strøing
Brøyting og strøing
Fitjar kommune har ansvar for brøyting av kommunale vegar, fortau og gang/sykkelvegar. Det skal brøytast når det er behov. Hovudvegar i bustadfelt, andre hovud- og skulevegar vert prioritert før mindre trafikkerte vegar. Det same gjeld strøing. Her vert svingar og stigningar prioritert.
Huseigarar som eig grunn eller bygning som grensar til offentleg stad, har plikt til å rydde fortauet for snø og is, og strø utanfor eigedomen når det er glatt.
Klipp av hekkar og buskar langs vegar
Klipp av hekkar og buskar langs vegar
Det er viktig at huseigar er merksam på reglane som gjeld trafikksikring og frisiktsoner. Her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. kan du sjekke reglane som gjeld klipp av hekker og buskar langs vegar.
Søknad om avkøyrsle eller dispensasjon frå byggjegrense langs offenteg veg
Søknad om avkøyrsle eller dispensasjon frå byggjegrense langs offenteg veg
Skjema for søknad om avkøyrsle eller dispensasjon frå byggjegrense langs offenteg veg finn du her pdf, 107 kB, åpnes i nytt vindu.
Sandviksvåg ferjekai
Har du spørsmål om for eksempel informasjonstavlene og parkeringsplassene ved Sandvikvåg ferjekai, må du ta kontakt med Vegtrafikksentralen på telefonnummer 175, evt. melde inn feil her: Meld frå om feil på europaveg - Statens vegvesen Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Statens vegvesen, divisjon Drift og vedlikehold, er grunneigar av parkeringsplassene ved Sandvikvåg ferjekai (sjå utklipp under).

Kjelde: Statens vegvesen Transport og samfunn
Når det gjeld skilt, er det Statens vegvesen, Transportforvaltning vest 3 som har skiltmyndighet.
Sist oppdatert
