Vassverket
Vassforsyning
Fitjar kommune får vatnet sitt frå Svartavatnet. Dette er hovudkjelda som forsyner ca 2400 personar. Vatnet er reinsa gjennom ulike filter og er UV-behandla.
Det er utjamningsbasseng på Rimbareid og eit høgdebasseng ved Svartasmoget. Ingen av høgdebassenga er fjellanlegg. Det vert jamnleg teke prøver av vatnet for analyse.
Resultat av vassanalyser blir registert i saksbehandlingssystemet etterkvart som dei kjem inn, og du kan då finne dei i kommunen sine postlister, søk “Laboratorieresultat”.
Ved brot på vasstilførsel o.l. ring Vakttelefonen 95 22 99 50
Ny VA-norm
Fitjar kommunestyre vedtok i møte 3 november sak 55/21 ny VA-norm for Fitjar kommune. Norma gjeld frå 4. november 2021.
Møtebok frå kommunestyret finn du her pdf, 279 kB, åpnes i nytt vindu..
VA-norma finn du her Lenke til et annet nettsted.
Sist oppdatert
