Er du førebudd?
Norske styresmakter tilrår at flest mogleg er førebudde på å klare seg sjølve i ei veke dersom ei alvorleg hending oppstår.
Ekstremvêr, langvarige straumbrot, svikt i vassforsyninga eller bortfall av mobilnett og internett kan føre til at viktige tenester ikkje fungerer som normalt.
God eigenberedskap handlar om å ha det viktigaste du treng heime, og ein plan for kva du og familien skal gjere dersom kvardagen blir forstyrra.
Sjekkliste for eigenberedskap
Under finn du døme på ting det er lurt å ha heime. Du bør med jamne mellomrom gå gjennom behova dine og oppdatere lageret ditt. Hugs at det er fint mogleg å samarbeide med familie, vennar og naboar om eigenberedskap.
Sjekkliste kan du laste ned her: Råd om egenberedskap Lenke til et annet nettsted.
Mat og vatn
- Reint drikkevatn lagra på dunkar eller flasker.
- Mat som toler å bli lagra i romtemperatur.
- Grill, kokeapparat eller stormkjøken.
- Ekstra gassbehandlar eller brennstoff.
- Mat og vatn til kjæledyr.
Varme og lys
- Varme klede og pledd, dyner eller soveposar.
- Fyrstikker og stearinlys.
- Ved - dersom du har vedomn eller peis.
- Gass- eller parafinomn som er berekna på bruk innandørs.
- Avtale om overnatting.
- Lommelykter eller hovudlyker som går på batteri, sveiv eller solceller.
Informasjon
- DAB-radio som går på batteri, sveiv eller solceller.
- Batteri og opplada batteribank.
- Liste på papir med viktige telefonnummer som til dømes naudnummer og nummera til legevakt, veterinær, familie, vennar og naboar.
Legemiddel og hygiene
- Legemiddel og førstehjelpsutstyr
- Jodtablettar (gjeld barn og vaksne under 40 år, gravide og ammande).
- Hygieneartiklar i form av våtserviettar, handsprit, bleier, toalettpapir, bind og tampongar.
Finn ein beredskapsvenn
Du treng ikkje klare alt åleine. Familie, venner og naboar kan hjelpe kvarandre i ei krise.
Ein beredskapsvenn kan til dømes hjelpe med transport, innkjøp, overnatting, informasjon, førstehjelp eller praktiske oppgåver.
Snakk gjerne med dei rundt deg om kva de kan hjelpe kvarandre med dersom noko alvorleg skjer.
Viktige lenkjer og brosjyrer
Egenberedskap på flere språk Lenke til et annet nettsted.
sikkerhverdag.no Lenke til et annet nettsted..
Beredskap i heimen Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Førebu deg på storm, uvêr og at straumen blir vekke Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Slik tek du vare på maten viss straumen går pdf, 161 kB, åpnes i nytt vindu.
Sist oppdatert
