Bortfall av elektronisk kommunikasjon

Informasjonspunkt ved bortfall av elektronisk kommunikasjon (ekom).

Eit ekom-bortfall betyr at elektronisk kommunikasjon, som mobilnett, internett og fiber, fell heilt eller delvis ut. Straumbrot kan òg føra til bortfall av slike tenester. Dette kan skje ved til dømes ekstremvêr, tekniske feil eller andre alvorlege hendingar.

I ein slik situasjon kan det bli vanskeleg å koma i kontakt med naudtenester, helsepersonell eller kommunen, og det kan vera utfordrande å få tilgang til viktig informasjon.

Fitjar kommune har planlagt løysingar for å sikra at innbyggjarar som treng hjelp, informasjon eller kontakt med offentlege tenester som kommune, helse, politi og brannvesen, skal kunna få det.

Ved langvarig ekom-bortfall kan kommunen opna og bemanna eit definert informasjonspunkt. Der kan du møta personell som kan gi informasjon, formidla kontakt og hjelpa deg vidare.

Det er kommunen si beredskapsleiing som avgjer når informasjonspunktet skal opnast. Gjer deg kjent med kvar informasjonspunktet ligg før ei krise oppstår.

Dette kan du få hjelp til:

Ved ei større krise bør du først og fremst halda deg heime og klara deg sjølv så langt det er mogleg. Informasjonspunktet er berre meint for korte besøk, og det er viktig at du berre møter opp dersom det er heilt nødvendig. Slik kan kommunen hjelpa dei som har størst behov for hjelp.

Bruk DAB-radio som primær kjelde til informasjon.

På informasjonspunktet kan du:

  • koma i kontakt med kommunale tenester og nødetatane
  • gi viktig informasjon til kommunen
  • få oppdatert informasjon om situasjonen, men bruk radio som primærkjelde for informasjon

Informasjonspunkta er ikkje stader for utdeling av mat og vatn, tilflukt eller tilgang til straum og internett. Dei erstattar heller ikkje eige beredskapslager.

Ved behov for legevakt gjeld vanleg ordning. På dagtid på kvardagar kan ein oppsøkja daglegevakta på Fitjar (Gamle Havnavegen 2). Utanfor dagtid må ein oppsøkja Stord interkommunale legevakt på Stord (Tysevegen 62, 5416 Stord).

Slik kan du halde kontakten dersom mobilnettet fell bort:

Dersom mobilnettet fell bort, kan du framleis bruke telefonen til å ringje og sende meldingar dersom du har tilgang til eit trådlaust nettverk (Wi-Fi) som fungerer.

Mange mobiltelefonar støttar Wi-Fi-anrop, som gjer det mogleg å ringje og ta imot vanlege telefonsamtalar via internett i staden for mobilnettet. Funksjonen må vere støtta av både telefonen og mobiloperatøren din.

Du kan også nytte appar som Messenger, WhatsApp og FaceTime til samtalar og meldingar over internett.

Dette bør du gjere på førehand:

  • Sjekk om telefonen din støttar Wi-Fi-anrop, og aktiver funksjonen i innstillingane.
  • Avtal med familie og venner kva appar de kan bruke for å halde kontakt.
  • Hugs at Wi-Fi er avhengig av at internett fungerer. Ved straumbrot kan både ruteren og internettforbindelsen slutte å fungere.

Forsterka ekom – betre mobildekning ved straumbrot

Ved langvarige straumbrot kan mobildekninga falle bort fordi basestasjonane som sørgjer for mobildekning, er avhengige av straum.

Vanlege basestasjonar har reservestraum som gjer at dei kan fungere ei avgrensa tid etter eit straumbrot. Kor lenge dette varer, varierer mellom basestasjonane og mobiloperatørane. Per i dag tar det ca 4 timar før basestasjonane som dekkjer Fitjar fell ut.

Fitjar er vald ut til den nasjonale ordninga for forsterka ekom i 2026. Dette inneber at ein basestasjon som dekkjer området rundt kommunesenteret, skal få ekstra reservestraum og ei alternativ kommunikasjonsforbindelse.

Når tiltaket er ferdigstilt, skal basestasjonen kunne oppretthalde mobilkommunikasjon i minst 72 timar ved straumbrot, så lenge resten av dei nødvendige nettfunksjonane fungerer. Arbeidet er planlagt ferdigstilt i løpet av 2026.

Det er viktig å vere merksam på at ordninga berre omfattar eit avgrensa område av kommunen. Andre delar av Fitjar kan miste mobildekninga tidlegare ved langvarige straumbrot.

Forsterka ekom reduserer risikoen for bortfall av mobilkommunikasjon, men gir ingen garanti for at mobilnettet alltid vil fungere.

Les meir hos Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) Lenke til et annet nettsted..

I enkelte tilfelle kan du ringje naudnummeret 112 sjølv om du ikkje har dekning frå din eigen mobiloperatør.

Når du ringjer 112, kan telefonen nytte mobilnettet til ein annan operatør dersom denne har dekning i området.

Dersom du ikkje har dekning frå din eigen operatør:

  • Prøv å ringje 112 ved behov for akutt hjelp.
  • Telefonen kan kople seg til eit anna tilgjengeleg mobilnett for naudanrop.
  • Dersom ingen mobiloperatørar har dekning, kan du ikkje ringje via mobilnettet.
  • Prøv om mogleg å flytte deg til ein stad med betre dekning.

Dei ordinære naudnummera i Noreg er 110 (brann), 112 (politi) og 113 (helse). Alle naudsentralane kan hjelpe deg vidare til rett naudetat.

Viktig: Dersom mobilnetta er ute av drift i eit område, vil det ikkje vere mogleg å ringje 112 via mobilnettet der.

Ved langvarig bortfall av mobilnett og internett vil Fitjar kommune kunne opprette eit informasjonspunkt ved hovudinngangen til Fitjar bu- og behandlingssenter, Gamle Havnavegen 4. Her kan innbyggjarar få viktig informasjon og hjelp til å formidle kontakt med naudetatane.

Naudmelding via satellitt
Med iPhone 14 eller nyare kan du sende naudmelding (SOS) via satellitt dersom mobilnettet og Wi-Fi ikkje fungerer. Meldinga går til Hovudredningssentralen, som sørgjer for at du får nødvendig hjelp.

Slik brukar du tenesta:

  • Gå utandørs og finn ein stad med fri sikt til himmelen.
  • Aktiver SOS Nødanrop ved å halde inne høgre og venstre knapp - instruksjonane på telefonskjermen.
  • Svar på spørsmåla om kva som har skjedd, og kva hjelp du treng.

Sjekk om telefonen din støttar funksjonen, og prøv demomodus under Innstillingar → Nødanrop (SOS).

Hugs at du alltid skal prøve dei vanlege naudnummera 110, 112 eller 113 først.

Les meir hos Apple om naudmelding via satellitt Lenke til et annet nettsted..

Ver førebudd:

God eigenberedskap gjer det lettare å handtera ei krise. Følg råda frå styresmaktene om eigenberedskap, og sørg for at du har det viktigaste du treng for å klara deg heime i éi veke dersom straum, mobilnett eller internett fell ut.

Les meir om eigenberedskap her:

Eigenberedskap - Fitjar Kommune Lenke til et annet nettsted.

Egenberedskap Lenke til et annet nettsted.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?