Tilskot til inkludering av barn og unge

Søknadsfrist 01.11.2024

Fitjar kommune oppmodar offentlege instansar, private aktørar og frivillige lag og organisasjonar til å søkje om tilskotsmidlar til prosjekt som kan bidra til at alle barn, uavhengig av foreldrenes sosiale og økonomiske situasjon, skal ha mogelegheit til å delta jamt i minst éin organisert fritidsaktivitet saman med andre.

Les meir om tilskotsordninga her: 

Tilskot til inkludering av barn og unge Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Mål med ordninga

Målet med tilskotsordninga er å leggje til rette for at alle barn og unge skal ha mogelegheit til meistring og samfunnsdeltaking

Tilskotsordninga skal bidra til utvikling av opne møteplassar, deltaking på ferie- og fritidsaktivitetar og fullføring av utdanningsløp.

Målgruppa er barn og unge til og med 24 år som av ulike grunnar står i fare for å ende i utanforskap. Aktivitetstypane «los/ungdomslos» og «opne møteplassar» har ein meir avgrensa målgruppe: Målgruppa for desse to aktivitetstypane er barn og unge mellom 10 og 24 år. 

Utanforskap handlar om å stå utanfor ulike arenaer eller fellesskap i samfunnet.  Risikofaktorar for utanforskap kan vere:     

  • Å vekse opp i familiar med låginntekt   
  • Manglande sosialt nettverk  
  • Manglande tilknyting til skule/arbeid   
  • Manglande deltaking i fritidsaktivitetar  

Risikofaktorar kan vere overlappende eller forsterke kvarandre.

Aktivitetstypar

Aktivitetstypar det kan søkjast tilskot til (sjå forskrift og rettleiar for informasjon om dei ulike aktivitetstypane): 

  • Kultur-, fritids- og ferieaktivitet 
  • Jobbtilbod og rettleiing 
  • Utstyrssentral
  • Lokal fritidskasse
  • Kultur- og aktivitetskort 
  • Aktivitetsguide 
  • Los/ungdomslos 
  • Open møteplass 
  • Utprøving av arbeidsmodellar 
  • Koordinering av lokalt arbeid for å inkludere målgruppa 

Sentralledd frivillige organisasjonar – aktivitet i minst fem kommunar

Søknad

Søknadsfrist er 01.11.2024.

Les meir om tilskotsordninga på Bufdir si nettside Lenke til et annet nettsted.. Det er viktig å setje seg inn i alle kriteria for å søkje tilskot. 

Kommunen har frist for rangering av søknadar 10.januar. Etter det gjer Bufdir si vurdering. 

Bufdir sin søknadsportal finn de her.  Lenke til et annet nettsted.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?