Fitjar bygdebok, gards- og ættesoge band I og II
Nytt opplag av Fitjar bygdebok, gards- og ættesoge band I og II
Fitjar bygdebok, Gards- og ættesoga band I og II har i lang tid vore utselde. Kommunestyret vedtok difor at det skulle trykkjast opp nytt opplag , då det framleis er etterspurnad etter bøkene.
Om Fitjar bygdebok, gard og ættesoge:
Fitjar bygdebok band I og II inneheld soga om gardane og ættene i Fitjar fram til 1980. I 1966 vart det vald ei bygdeboknemnd som jobba med å samle inn tradisjonsstoff og familieopplysningane, arbeidet tok 16 år. I bøkene finn ein historia om gardane, og ei oversikt over ættene. Ein kan og finne små forteljingar om hendingar frå kvardagslivet til folk i bygda.
Kjøp av bygdebøker
No kan du få kjøpe bind I og II for kr 300,- . Kr 150 for eit bind.
Bøkene kan kjøpast på Fitjar rådhus. Me kan også senda bøkene i posten og legge ved faktura. Frakt og emballasje blir lagt til.
Ta kontakt med kundetorget på telefon 534 58 500 eller send epost til fitjar@fitjar.kommune.no
Interessert i slektsforskning, fitjarsogelag.no Lenke til et annet nettsted.
Sist oppdatert
