Informasjon om Pasient- og brukarombodet
Pasient- og brukarombodet veit at mange innbyggjarar ikkje kjenner til ordninga med pasient- og brukarombod.
Fleire som er i kontakt med kommunale helse- og omsorgstenester har behov for råd og rettleiing om rettane sine. Andre treng hjelp til å forstå korleis dei kan gå fram for å få helsehjelpa eller tenestene dei har behov for.
Pasient- og brukarombodet gir slik hjelp gratis til heile befolkninga. Vi har erfaring med at dialog med oss ofte er verdifull og nyttig – både for tenesta, pasienten/brukaren og deira pårørande.
Du kan kontakte Pasient- og brukarombodet dersom du er misnøgd med helsehjelpa du har fått, eller meiner at du ikkje får oppfylt rettane dine som pasient, brukar eller pårørande.
Pasient- og brukarombodet kan gi deg informasjon om rettar, råd, klagemoglegheiter og rettleiing.
Alle tenestene våre er gratis, og du kan velje å vere anonym om du ønskjer det.
Sist oppdatert
