Fitjar legesenter

Fitjar kommune har eit legekontor med 6 fastlegeheimlar 
med felles lokale i Fitjar legesenter.
Legesenteret har også lege i spesialisering (LIS1).

Legane ved legesenteret:

  • Anne Lise Haukås, fastlege.
    Er på legesenteret som fastlege, tirsdag og fredag.
    Haukås er også kommuneoverlege i Fitjar kommune, meir informasjon her Åpnes i nytt vindu..

  • Hein Petersen, fastlege.

  • Grunde Woll Jørandli, fastlege i “Nordsjøturnus”.
    Er på legesenteret veke:
    22, 23, 28, 29, 34, 35, 40, 41, 46, 47, 52 og 53.


  • Alina-Irina Bumbar, fastlege i “Nordsjøturnus”.
    Er på legesenteret veke:
    20, 21, 26, 27, 32, 33, 38, 39, 44, 45, 50 og 51.


  • Jorid Fadnes, fastlege i “Nordsjøturnus".
    Er på legesenteret veke:
    19, 24, 25, 30, 31, 36, 37, 42, 43, 48 og 49.


  • Simon Christian Szemes, LIS1.

Når du ringer til legesenteret og skal bestille deg ein time, får du som oftast nokre spørsmål frå oss.  Grunnen til at me stiller deg desse spørsmåla, er for å høyre kor mykje timen hastar. Me har begrensa med ledige timar dei nærmaste dagane, og då må me prioritere kor me set den enkelte opp på time.
 

Har du fått ny fastlege som går i Nordsjøturnus?
Legane er på legekontoret i 2 veker, der dei jobbar lengre vakter kor dei også har pasientkonsultasjonar etter kl. 15.00.  Deretter har dei 4 veker der dei ikkje er på kontoret. 

Ordinære kontrollar og anna som ikkje hastar, kan planleggast til når fastlegen er på kontoret. Du kan få akuttime hos ein av dei andre legane dersom det er naudsynt. Reseptar kan fornyast som normalt på helsenorge.no Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Treng du «helseerklæring for sjøfolk» eller «Offshoreerklæring/helseerklæring for petroleumsvirksomhet til havs»?

Jorid Fadnes er godkjent spesialist for desse sektorane, og du kan få time i vekene ho er på Fitjar. Ta kontakt med legekontoret for bestilling.

Gebyr - Avbestilling

Legetime må avbestillast minst 24 timar før konsultasjon, elles må du betale for timen. 

Dersom du ikkje møter til timen, eller ikkje har avbestilt minst 24 timar før, vert det teke gebyr på kr. 194,-/314,- (almennlege/spesialist).
Gebyret gjeld også om det er timar til born under 16 år som ikkje avbestiller eller kjem til oppsett time.

Helsenorge - Helserespons

Du kan og bestille time og faste reseptar via Helsenorge.no Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Helsenorge er den offentlege helseportalen for innbyggjarar i Noreg. Her loggar ein inn med BankID eller Buypass. Ein må opne for Digital Dialog på Helsenorge Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. for å kunne kommunisere med legesenteret via denne løysinga.

Per i dag kan alle som har fastlege eller vikarlege ved Fitjar legesenter, bestille timar, fornye reseptar og kontakte legesenteret for andre henvendingar via Helsenorge Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.. Det er ikkje lenger mulig å nytte Helserespons.

Akutte henvendingar/sjukdom og timebestillinga, må framleis gjerast via telefon.

Ein oppmodar flest mogleg av pasientane ved Fitjar legesenter til å ta i bruk Helsenorge.no Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu..

 

Har du fått melding om at du ikkje lenger har fastlege på Fitjar?

Dersom du har hatt fastlege på Fitjar, og har fått melding om at du ikkje lenger har lege, høyrer du framleis til fastlegetenesta i Fitjar.

 

Førarkortattest

Førarkortattest er ikkje ei prioritert medisinsk oppgåve, og det kan vera lang ventetid på time for dette i periodar.

                       Foto: M. Ytrearne

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?