Hukommelsesteamet i Fitjar kommune

Informasjon om arbeidet og kva me kan tilby:
Kva er demens?
Demens
På grunn av at det vert fleire eldre i Norge, auker også antalet med demens. Kunnskap er viktig for dei som lev med demens, deira pårørande, frivillige og helse- og omsorgspersonell.
Demens er ein kronisk, uhelbredelig tilstand som kjem av ulike sjukdommar eller skade i hjernen. Ved demens er prosessane i hjernen, som gjer at personen kan motta, bearbeida, lagra og uttrykka informasjon og utføra handlingar, forstyrra. Personen har ei kognitiv svikt. Ved demens påverkar den kognitive svikta evnen til å fungera i kvardagen.
Dersom daglegdagse oppgåver har blitt ei utfordring, skal ein ta symptoma på alvor. Som stadig å gløyma avtalar, kva nokon heiter eller kvar ting ligg. Evna til å konsentrera seg kan verta dårlegare og det kan vera vanskeleg å fullføra arbeidsoppgåver. For meir informasjon kan ein lese på aldring og helse si heimeside her. Lenke til et annet nettsted.
Er du bekymra for eiga eller pårørande si kognitive helse kan ein i første omgang ta kontakt med fastlege, men ein kan også ta kontakt med hukommelseteamet i kommunen.
Om du har spørsmål om demens, kan du også ringe demenslinja på telefon 23 12 00 40.
Teikn på demens
Teikn på demens kan blant anna vera:
- Nedsett kortidshukommelse
- Forvirring og nedsett orienteringsevne
- Problem med planlegging og gjennomføring av oppgåver
- Vanskar med å finne ord
- Endringar i humør og veremåte
- Vanskar med å lære nye ting
- Mindre initiativ og engasjement
- Forvirring med tanke på tid og stad
- Svekka økonomisk dømmekraft
Kven er me
Kven er me?
Hukommelsesteamet er eit tverrfagleg team med sjukepleiar, hjelpepleiar og lækjar som i det daglege arbeider i ulike einingar i helsesektoren i Fitjar kommune.
I tillegg til dette samarbeider me tett med ergoterapeut og fysioterapeut dersom ein treng å søkje etter hjelpemidler.
Teamet arbeider med verktøy i frå nasjonalt senter for Aldring og helse.
Teamet er også med i nettverk med fleire andre kommunar i nærområdet.
Hukommelsesteamet har teieplikt og vil behandle all informasjon konfidensielt!
Utredning av demens
Verktøy ein nyttar i arbeidet
Mange som trur dei har symptom på demens, nøler med å ta kontakt med lege. Jo tidligare prosessen vert sett i gang, desto betre behandling og oppfølging kan pasienten få.
Utredninga starter ofte hos fastlegen, gjerne med pårørande til stades. Det er viktig å oppsøke lege så tidleg som mogleg, også for å utelukke andre sjukdommar som kan gi demensliknande symptom. Etc. depresjon, stoffskiftesjukdommar, hjerneslag, infeksjonar, feilmedisinar med meir.
Fastlegen kan sjølv utføre ein demensutredning, men oftast vert denne utført av hukommelsesteamet. Ein kan også henvisast til spesialistheletenesta for utvida utredning.
Ved utredning nyttar ein testar frå nasjonalt senter for aldring og helse. Ein gjennomfører ein Basal demensutredning som kartleggingsverktøy. Ein kan lese meir om dei ulike testane her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.. Lenke til et annet nettsted.
Kva me kan tilby
Kva hukommelsesteamet kan tilby
- Kartlegging og utgreiing i samarbeid med fastlege
- Kartlegging av behov for hjelp
- Rettleiing og råd til pårørande
- Oppfølging av brukar og pårørande
- Vidareformidle kontakt med hjelpeapparat
Kva kommunen kan tilby
- Hukommelsesteam
- Dagtilbod
- Heimesjukepleie
- Matombringing (middag) frå Fitjar bu-og behandlingssenter
- Kortidsopphald
- Langtidsopphald
Kvifor demensutredning?
- Viktig for å utelukke andre demensliknande sjukdommar
- Setje inn rett tiltak til rett tid
- Leggje til rette heimesituasjonen for personen med demens og dei pårørande
- Gjere vurdering av medisinar

KONTAKTINFORMASJON:
Telefonnr:
489 94 154 (Telefon eller sms)
Epostadresse:
hukommelsesteam@fitjar.kommune.no
Besøksadresse:
Havnahuset, Gamle Havnavegen 23, 5419 Fitjar
Kontortid:
Onsdag i partalsveker kl 0730 - 1430. Elles etter avtale
