Fitjar bu- og behandlingssenter

Fitjar bu- og behandlingssenter

Fitjar bu- og behandlingssenter er institusjonsdelen av pleie- og omsorgstenestene i Fitjar. Tenestekontoret har ansvaret for å forvalta dei kommunale helse- og omsorgsstenestene. Det vil seie at sakshandsamar tek imot søknader, greier ut saka og førebur saker for inntaksnemda sine møte.

Institusjonen har totalt 24 plassar, 11 plassar på demensavdeling, 9 plassar somatisk avdeling og 4 korttidsplassar, og tilbyr følgjande tenester:

  • Langtidsopphald
  • Korttidsopphald
  • Avlasting
  • Rehabilitering
  • Palliasjon

Det er 2 avdelingar/grupper på institusjonen

Gruppe 4 - Demensomsorg: 11 plassar

Gruppe 2 - Somatisk avdeling: 14 plassar (4 plassar er kortidsplassar og 10 er langtidsplassar)

Sjå Lokal forskrift om tildeling av sjukeheimsplass §4 pdf, 54 kB, åpnes i nytt vindu.

 
Forskrifta gjeld for pasientar og brukarar som bur og oppheld seg i Fitjar kommune, jf. helse- og omsorgstenestelova § 3-1 første ledd, og som har eit varig behov for omfattande døgnkontinuerlige pleie- og omsorgstenester, som ikkje kan kan oppfyllast i tilstrekkelig grad i eigen heim eller tilpassa bustad.

Forskrifta gjeld i tillegg for pasientar og brukarar som har konkrete planar om å flytta til kommunen og eit så omfattande tenestebehov at det er nødvendig at bu- og tenestetilbodet er avklart i forkant for at dei skal kunne flytta.

Prisar

 75% av grunnpensjon og 85% av andre inntekter.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?