Tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL)

SMIL-ordninga skal bidra til å ta vare på natur- og kulturminneverdiane i jordbruket sitt kulturlandskap og redusere forureininga til jordbruket.

Tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) handlar om å gjennomføre miljøtiltak utover det som blir forventa av vanleg jordbruksdrift. Formålet med SMIL er å fremme natur- og kulturminneverdiar og redusere forureininga frå jordbruket. 

For å få innvilga tilskot må tiltaket gjennomførast på ein landbrukseigedom der det føregår jordbruksproduksjon som har rett til tilskot.

Eigarar som ikkje sjølve driv areala, kan søke om tilskot dersom det blir drive jordbruksproduksjon med rett til tilskot på eigedommen. Den som leiger arealet som oppfyller vilkåra for å få tilskot, kan også søke om tilskot dersom hen har godkjenning frå eigaren.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?