Er du førebudd?

Norske myndigheiter tilrår at flest mogleg er førebudde på å klare seg sjølv i éi veke.

Fitjar kommune vil i ein krisesituasjon nytta meldingar via SMS og tale, i tillegg til nettstaden for å formidla viktig informasjon til innbyggjarane. 

Det er òg viktig at du følgjer med i media. Kommunen og andre offentlege instansar vil prioritera liv og helse høgast, og du må difor førebu deg på å klara deg sjølv ei stund i ein krisesituasjon.

For at du skal bli varsla via SMS eller talemelding, må du vera registert i det sentrale kontakt- og reservasjonsregisteret. Les meir om registeret her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu..
 

Trykk her for vakttelefonar Åpnes i nytt vindu.

Kva kan du gjera sjølv i ein krisesituasjon?

Norske myndigheiter tilrår at flest mogleg er førebudde på å klare seg sjølv i éi veke.

Eigenberedskap handlar om å gjere samfunnet i stand til å handtere ei krise på best mogleg måte. Dersom flest mogleg er forberedt på å klare seg sjølv i ei veke, vil kommunen og naudetatane kunne prioritere å hjelpe dei som er avhengig av hjelp.

Dei mest grunnleggjande behova i ein krisesituasjon er: Varme, lys, drikke, mat, legemiddel, førstehjelp, hygiene og informasjon.

Eigenberedskapsråda blei oppdaterte i 2024. Du kan lese meir om dei på sikkerhverdag.no Lenke til et annet nettsted..

Beredskap i heimen Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Førebu deg på storm og uvêr Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Førebu deg på at straumen blir vekke Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Informasjon og kommunikasjon i Kriser - Sikkerhverdag Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Kven varslar om krisesituasjonar?

Fitjar kommune blir varsla av Statsforvaltaren i Vestland, dersom offentlege instansar ventar situasjonar eller hendingar som får innverknad på Fitjar-samfunnet. I slike tilfelle vil kommunen informera innbyggjarane via nettstaden og Facebook. Informasjon det er viktig du får kjennskap til, vil i tillegg bli sendt via SMS.

Du kan i tillegg få informasjon frå desse offentlege instansane:

Meteorologisk institutt - gjeldande OBS-varsel Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

NVE - gjeldande nivå for jordskred-, snøskred- og flomfare Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Fagne - Strømstans i Fitjar Åpnes i nytt vindu.

Statens vegvesen - vegmeldingar for Vestland Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?