Feiing og tilsyn bustad- og fritidsbustader
Opplysningar om feiing og tilsyn i
MinEiendom
Lurer du på kva tid du skal ha neste feiing? Eller kanskje om vi har registrert avvik på fyringsanlegget ditt?
På MinEiendom Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. kan du finne opplysningar knytt til feiing og tilsyn, tilsynsrapportar, varsling om feiing og tilsyn, registrerte avvik på fyringsanlegget, tilbakemelding frå oss etter siste besøk, og data vi har registrert knytt til fyringsanlegget ditt. Dersom du har kjøpt bustad med fyringsanlegg vil du sjå opplysningar om fyringsanlegget, men ikkje kommunikasjon med tidlegare eigar.
MinEiendom Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. gjev deg opplysningar om eigedomar du er heimelshavar på.
Innlogging med BankID.
Skildring steg for steg:
Du vil få ein SMS frå «Feiaren» som er ditt brannvesen når det er tid for å utføre tilsyn på din bustad/fritidsbustad.
- Opne SMS-en, les og følg skildringa.
- Ved hjelp av lenka i SMS-en loggar du deg på Min Eiendom via DIFI, og her kan du bekrefte tidspunktet feiaren skal kome på tilsyn eller feiing. Du kan også kommunisere at det ikkje passar og finne ny tid eller dato. Om du vel å bekrefte avtalen via SMS, er det viktig at du berre skriv talet 1 eller 2 (ingen tekst), for det svaret som passar.
- Når du har bekrefta så vil Brannvesenet få beskjed og kunne planlegge tilsyn ut i frå det som blir svara.
- Om du bekreftar at avtalen passar, vil du få ei påminning på SMS, 1 dag før avtala tidspunkt.
- Etter tilsynet er gjennomført vil du få ei ny melding som vil leie deg tilbake til Min Eiendom der du kan lese rapporten, og følge opp eventuelle avvik eller merknadar.
Kan me nå deg?
For at løysninga vår skal kunne varsle deg med SMS, må stat og kommune ha tilgang til rette kontaktopplysningar for deg for å kunne sende deg meldingar og dokument elektronisk. Denne informasjonen blir samla i eit felles nasjonalt kontakt- og reservasjonsregister.
Her kan du logge inn for å oppdatera kontaktinformasjonen din:
Oppdater kontaktinformasjon | Noreg.no Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Forskrift om brannforebygging:
Forskrift om brannforebygging:
https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2015-12-17-1710 Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Sist oppdatert
