Fitjar brann og redning
Fitjar brann og redning har som oppgåve å syte for beredskap mot brann, ulukker, akutt forureining, førebyggjande brannvern, dessutan å bistå ambulansepersonell i akuttmedisinske oppdrag.
Informasjon om brann- og redningsberedskap i Fitjar

Brann- og redningsberedskapen i kommunen er bygd opp rundt ei deltidsordning, med utrykningsleiar på vekevakt, samt eit mannskap i tillegg i helgar. Ved høgtider/fellesferie vert beredskapen utvida. Brannstasjonen er lokalisert i Fitjar sentrum.
Utviklingstrekka innan brannvernarbeidet dei seinare åra syner eit breiare spekter av oppgåver som det er forventa at brannvesenet skal handtere. Det kommunale brannvernet har gått frå å vere eit reint brannvern, til å bli ei kommunal redningsteneste.
Ein har no arbeidsoppgåver både innan overflateredning, akutthjelper, forureining, brannvern, førebyggjande brannvern og pågåande livstruande vald (PLIVO).
Brann og redningsvesenet har følgande transportmateriell:
Mannskapsbil MB Atego med 2800 l vanntank 2005 mod
Redningsbil MB Sprinter 1997 mod
Vaktbil MB GLK 2014 mod
Tankbil Scania 2018 mod 10.000 l vanntank
Båt Arronet 23,5 fot 200hk
Terrenggåande køyretøy Can-Am Traxter XU HD7
Skogbrannhenger – felles med Stord
Diverse lover og forskrifter:
Brann- og eksplosjonsvernlova:
https://lovdata.no/dokument/NL/lov/2002-06-14-20 Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Brann og redningsvesenforskriften:
https://lovdata.no/dokument/LTI/forskrift/2021-09-15-2755 Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Forskrift om brannførebygging
https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2015-12-17-1710 Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Historie
Lenke til et annet nettsted.Sist oppdatert

