Generelle reglar for bålbrenning

Her finn du dei viktigaste reglane for bålbrenning, bråtebrenning og anna open eld. Du har alltid sjølv ansvar for at brenninga skjer på ein trygg og forsvarleg måte.

Det er forbode å gjera opp eld på ein slik måte at det kan føra til brann. 

Du kan brenne:

  • små mengder hageavfall
  • reint trevirke


Du kan ikkje brenne:

  • produksjonsavfall
  • forbruksavfall
  • plast og liknande materiale
  • malt eller impregnert trevirke

Avfall skal leverast til godkjent mottak.

Bråtebrenning og bål i skog og utmark er i utgangspunktet berre tillate i perioden frå 15. september til 15. april.

Mellom 15. april og 15. september er det generelt bålforbod.

Det generelle bålforbodet betyr at det i utgangspunktet er forbode å tenne bål, bruke eingongsgrill og annan open eld i skog og utmark.

Det kan likevel vera lov å gjera opp eit lite bål, til dømes eit kaffibål, dersom det heilt openbert ikkje kan føra til brann. Dette kan til dømes vera når det har kome mykje nedbør over tid, eller når du nyttar sikre og tilrettelagde bålplassar. Hugs at ein gnist på avvegar kan vera nok til å starte brann.

Du har alltid ansvar for å opptre aktsamt og på ein måte som hindrar at brann oppstår. Det er du sjølv som må vurdera brannfaren før du tenner opp.

Aktsomheitskravet gjeld heile året, også utanfor perioden med generelt bålforbod. Er du usikker på om det er trygt å tenne opp, bør du la vera.

Brenning etter mørkets frambrot bør unngåast.

Ved aktløyse kan du risikera bøter eller fengsel, i tillegg til skaden du kan påføra omgjevnadene.

Brannvesenet kan kontrollera brenning, og ulovleg brenning som fører til utrykking kan medføra krav om kostnadsdekning.

Større bål og områdebrenning skal meldast til brannvesenet.

Du melder i frå om bålbrenning slik:
Gå inn på sida til Rogaland Brann og Redning IKS, og fyll ut skjemaet:

Melding om bruk av ild utendørs Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Områdebrenning skal meldast brannvesenet i god tid. Det skal vera skrifteleg plan med kart, risikovurdering og kontaktinformasjon ved meldinga.

Røyken frå brenning kan føra til helse- og trivselsproblem, særleg for folk med luftvegssjukdomar. Kommuneoverlegen kan stogga bålbrenning dersom det er fare for helseskader.

  • Di eld, ditt ansvar. Du er ansvarleg når du tenner eld, uansett kvar du er og når på året det er.
  • Er du usikker på om det er trygt å gjera opp grill eller eld der du er? Lat heller vere.
  • Sjekk alltid vind, vêr og farevarsel der du er på yr.no Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. før du fyrer opp.

Kjelde: Pixabay

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?