Vederlag/eigenbetaling/prisar for kommunale helse- og omsorgstenester
Jamfør vedtak i Kommunestyret i sak PS 56/25, den 11.12.2025, vert prisane på vederlag/eigenbetaling for kommunale helse- og omsorgstenester som følgjer.
Fitjar kommune sine betalingssatsar skal til ei kvar tid vera i samsvar med:
Folketrygda sitt grunnbeløp finn du her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Satsar for 2026
Det er ingen eigenbetaling for følgjande tenester:
• Personretta tenester (heimesjukepleie)
• Avlasting
• Støttekontakt
Praktisk bistand(heimehjelp):
Minstepensjonistar betalar i samsvar med forskriftene, f.t. kr 245,- per mnd., uansett timetal.
Brukarar med nettoinntekt over 2G betalar etter abonnement. Timeprisen er fastsett til kr 565,- på alle abonnement. Ingen tenester skal kosta over
kr 565,- per time. Tidsforbruket vert runda opp til næraste halve time.
Satsane vert rekna ut på grunnlag av husstandens samla skattbare nettoinntekt før særfrådrag. Dette betyr at sjølv om det berre er ein person i husstanden som mottek hjelp, vil inntekta til ei evt. ektefelle eller sambuar verta lagt til brukaren si inntekt. Inntekt til barn under 18 år skal også reknast med, dersom det er barnet som mottek hjelpa.
| Inntektsnivå | Sats 2024 |
| Nettoinntekt under 2 G | Kr 245,- pr. mnd. |
| Nettoinntekt 2 - 3 G | Abonnement kr 2 262,- /mnd |
| Nettoinntekt 3 - 4 G | Abonnement kr 3 392,- /mnd |
| Nettoinntekt 4 - 5 G | Abonnement kr 4 523,-/mnd |
| Nettoinntekt over 5 G | Abonnement kr 5 654,-/mnd |
Middags-levering/utkøyring:
• Middag utan dessert, vanleg porsjon kr 116,-.
• Middag med dessert, vanleg porsjon kr 132,-.
• Middag utan dessert, liten porsjon kr 87,-.
• Middag med dessert, liten porsjon kr 108,-.
• Ekstra dessert / Suppe kr 19,-.
Prisar matlevering til Havnahuset:
• Ingredienser til å lage kvelds laurdagar. Pris: kr 53,- pr. person.
• Rømmegraut og spekemat på 17 mai, jonsok, jul/påske. Pris: kr 101,- pr. person.
• Ingrediensar til smørbrød i høgtider. Pris: kr 59,-.
• Kaffimat laurdag/sundag/heilagdagar/bursdag. Pris: kr 30,- pr. person.
Havnahuset bu -og servicesenter (heildøgnsomsorg):
• Personretta tenester (heimesjukepleie), ingen eigenbetaling.
• Praktisk bistand/heimehjelp, sjå lista over.
• Mat, sjå lista over.
• Vask av tøy i vaskeri: kr. 628,- per mnd.
Tryggleiksalarm:
• Leige Kr. 392,- pr. månad.
Institusjon:
Følgjande betalingssatsar gjeld for opphald på institusjon:
1. Korttidsopphald/Rehabiliteringsopphald
Døgnopphald i institusjon frå 01.01.2026, kr. 205,- pr. døgn.
Etter 60 døgn betaling som for langtidsopphald.
2. Langtidsopphald
75% av grunnpensjon og 85% av andre inntekter.
3. Avlastingsopphald
Ingen eigenbetaling for opphald.
Dagtilbod for personar med demens og andre eldre (på FBB):
• Kr. 226,- pr. dag (inkludert middag)
Korttidsopphald i KAD/ØH avdeling, er fritekne for eigendel.
Eigendel på behandling hjå kommunal fysioterapeut:
Frå 01.01.2017 vart det vedteke i Stortinget å kunne ta eigenandel på pasientbehandling også hjå kommunefysioterapeut. Eigendelane vil verta fakturert til brukarane og kommunen sender melding til HELFO så desse vert registrerte på dykkar eigenandelskort 2.
Prisar
Dagtilbod for personar med demens og andre eldre (på FBB)
Kr. 226,- pr. dag (inkludert middag)
Relatert informasjon
Sist oppdatert
