Foreldrebetaling Barnehage
Prisar for 2025
- Ein barnehageplass kostar 700 kroner per månad, gjeldande frå 01.08.2025.
- Du betalar frå den månaden barnet startar i barnehagen.
- Familiar med fleire barn i barnehage betalar mindre.
- Familiar som tente mindre enn 669.050 kroner (sats per 01.08.25) førre år har rett på lågare betaling.
Søskenmoderasjon i barnehage
Foreldre som har barn i barnehagane i Fitjar får moderasjon etter følgjande relgar:
- 30 % moderasjon for barn nr.2
- for barn nr.3 og øvrige vert det gratis barnehage.
Barnehagen ordnar søskenmoderasjon, ein treng ikkje søkje om dette.
Les meir om moderasjonsordningar på UDIR sine heimesider. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Redusert foreldrebetaling i barnehage
Det er to ordningar for å søkje moderasjon i foreldrebetaling:
Ordning 1 - grunnlag for søkje om redusert foreldrebetaling
Ingen familiar skal betala meir enn seks prosent av inntekta si for ein barnehageplass. Familiar med inntekt under 669.050,- (per 01.08.2025) vil såleis betala mindre enn makspris på kr. 700,-.
Betalinga skal reknast ut frå hushaldet si samla skattepliktige kapital- og personinntekt.
Ordning 2 - Gratis kjernetid for 2, 3, 4 og 5 åringar for familiar med låg betalingsevne
Alle 2,3,4 og 5 åringar og barn med utsett skulestart, som bur i hushald med låg inntekt har rett til å få 20 timar gratis opphaldstid i barnehage pr. veke. Inntektsgrensa per 2025 er sett til kr. 669.050,-.
Felles for ordningane gjeld:
Hushald: einsleg, ektefeller, registrerte partnarar og sambuarar
Som sambuar reknar ein to ugifte personar over 18 år som bur saman, og som har budd saman i eit ekteskapsliknande tilhøve i minst 12 av dei 18 siste månadane, eller har felles barn. Bur eit barn fast hos begge foreldra, skal foreldrebetalinga reknast ut frå inntekta i hushaldet der barnet er folkeregistrert.
Søknadsskjema finn du i søknadsportalen Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu., Barnehage - søknad om redusert foreldrebetaling/gratis kjernetid.
Prisar
Søskenmoderasjon
Foreldre som har barn i barnehagane i Fitjar får moderasjon etter følgjande relgar:
- 30 % moderasjon for barn nr.2
- for barn nr.3 og øvrige vert det gratis barnehageplass.
Barnehagen ordnar søskenmoderasjon, ein treng ikkje søkje om dette.
Les meir om moderasjonsordningar på UDIR sine heimesider. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Foreldrebetaling
- Ein barnehageplass kostar 700,- kroner per månad, gjeldande frå 01.08.2025.
- Du betalar frå den månaden barnet startar i barnehagen.
- Familiar med fleire barn i barnehage betalar mindre.
- Familiar som tente mindre enn 669 050 kroner (sats per 01.08.25) førre år har rett på lågare betaling.
Redusert foreldretaling
Det er to ordningar for å søkje moderasjon i foreldrebetaling:
Ordning 1 - grunnlag for søkje om redusert foreldrebetaling
Ingen familiar skal betala meir enn seks prosent av inntekta si for ein barnehageplass. Familiar med inntekt under 669 050,- (per 01.08.2025) vil såleis betala mindre enn makspris på kr. 700,-.
Betalinga skal reknast ut frå hushaldet si samla skattepliktige kapital- og personinntekt.
Ordning 2 - Gratis kjernetid for 2, 3, 4 og 5 åringar for familiar med låg betalingsevne
Alle 2,3,4 og 5 åringar og barn med utsett skulestart, som bur i hushald med låg inntekt har rett til å få 20 timar gratis opphaldstid i barnehage pr. veke. Inntektsgrensa per 2025 er sett til kr. 669 050,-.
Felles for ordningane gjeld:
Hushald: einsleg, ektefeller, registrerte partnarar og sambuarar
Som sambuar reknar ein to ugifte personar over 18 år som bur saman, og som har budd saman i eit ekteskapsliknande tilhøve i minst 12 av dei 18 siste månadane, eller har felles barn. Bur eit barn fast hos begge foreldra, skal foreldrebetalinga reknast ut frå inntekta i hushaldet der barnet er folkeregistrert.
Søknadsskjema finn du under fanen skjema.
Relatert informasjon
Sist oppdatert
