Rimbareid barne- og ungdomsskule
"Kunnskap og vennskap hand i hand"
Rimbareid skule er ein kombinert barne- og ungdomsskule i Fitjar kommune med elevar, frå 1.- til 10.trinn.
Rimbareid skule er sentralskulen i bygda og ligg fint plassert høgt i terrenget opp mot Klostergarden og Rimsvarden. Her er utsikt over bygda og utover sjøen mot ope hav.
Dei tilsette ved skulen jobbar aktivt for eit inkluderande læringsmiljø, slik at alle elevar og tilsette kan utvikla seg fagleg og sosialt. Me ser på alle elevane våre som unike og verdfulle individ. Me syner difor elevane respekt gjennom å møte elevane der dei er, støtta dei, rettleia og ha forventningar til dei.
Rimbareid skule blei i 2014 ferdigstilt etter ombygging. Skulen fekk ny fløy med klasserom, kantine, læringssenter, amfi, spesialrom for naturfag/mat og helse, og nytt personalrom.
Innskriving i mars ved skulestart til hausten.
Sist oppdatert
