Informasjon om mobbeombodet i Vestland

Alle barn og unge har rett til eit trygt og godt barnehage- og skulemiljø. Mobbeombodet i Vestland er eit tilbod til alle barn og unge, og deira foreldre, som opplever å ikkje ha det bra i barnehagen eller på skulen. 

Mobbeombodet rettleier i saker som handlar om psykososialt miljø, om barnet sine rettar og korleis du kan gå fram om du ikkje har det bra. Mobbeombodet har teieplikt. 
 

Du kan følgje ombodet på Facebook (www.facebook.com/mobbeombod Lenke til et annet nettsted.) eller på Instagram (https://www.instagram.com/ombodvestland/ Lenke til et annet nettsted.).

Du kan lese meir om ombodet og korleis du kan få hjelp, her: Mobbeombodet i Vestland - Vestland fylkeskommune Lenke til et annet nettsted.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?