Foreldrerettsleiingskurset COS-P
Circle of Security Parenting (COS-P), blir kalla Tryggleikssirkelen på norsk. Det er eit manualbasert rettleiingsprogram for omsorgsgivarar som ynskjer å fremja god relasjon og trygg tilknytning til borna sine.
Me utvidar tilbodet med det populære kurset Circle of Security Parenting, - Tryggleikssirkelen- på norsk. Dette er eit rettleiings- program for omsorgsgivarar for å fremja god relasjon og trygg tilknytning til borna. Me gir både individuelle- og gruppekurs.
Målgruppe
Målgruppe:
Foreldre/omsorgspersonar med born mellom 4 mnd og 6 år. De kan komme åleine eller som par. Me lager små grupper på dagtid med inntil 6 personer for dei som ønsker det.
De må ordne barnepass eller gjera individuell avtale med oss. Kurset passer for alle foreldre, de treng ikkje ha behov for noko særskilt for å delta.
Gjennomføring
Gjennomføring:
Kurset går over 8 veker og varer ca 1,5 time kvar gong.
For gruppe/foreldre/par: måndag eller tysdag (kl.slett fleksibelt innan 15.30)
For foreldre/par: måndag eller tysdag (kl.slett fleksibelt innan 18.00)
Kurshaldarar
Kurshaldarar:
Kurshaldarar: Liv Kari H. Tverderøy (dagtid/ettermiddag) og Mari G. Rosseland (dagtid)
Føremålet
Føremålet:
Kurset vil gje omsorgsgivarar eit betre utgangspunkt for å meistre omsorgsrolla og stimulere til sunn utvikling og god psykisk helse hjå borna. Kunnskap og refleksjon som foreldra tileignar seg gjennom kurset, vil vera relevante gjennom heile foreldreperioden.
God støtte frå foreldre styrkjer born frå starten, og vil vera ein beskyttande faktor for born gjennom heile livet. Gjennom filmmateriale og refleksjon rundt Tryggleikssirkelen, lærer omsorgsgivarar korleis dei kan støtte barnet sitt behov for beskyttelse og omsorg, og behovet for å utforske og meistre verda.
Kurset skal gi foreldre verktøy og trening i å tolke barnet sine signal, og hjelp til korleis dei kan møte barnet sine emosjonelle behov.
Sjå info/filmar på nettsidene
https://www.folkOm.no/barn Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. og Circle of Security International -- Connection - YouTube Lenke til et annet nettsted.
Informasjon/Påmelding:
Informasjon/Påmelding:
Me er klare for fleksible ordninger, og starter opp på nyåret 2026. Dag/tid er du med og bestemme. Kom med ynskje😊
Ta kontakt om dette er noko du er nyskjerrig på eller fekk lyst å delta på: Familierettleiar Liv Kari H. Tverderøy livtve@fitjar.kommune.no eller tlf/sms 90175238
Kurset er gratis.

Sist oppdatert
