Tilrettelegging av barnehagetilbodet for barn med nedsett funksjonevne

Kommunen skal sikra at barn med nedsett funksjonsevne får eit eigna individuelt tilrettelagt barnehagetilbod jf. Barnehagelova § 37 Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.. Plikta til tilrettelegging omfattar ikkje tiltak som inneber ei uforholdsmessig byrde for kommunen.

Generelt

Barn med nedsett funksjonsevne skal ha moglegheit til å delta i barnehage i likskap med andre barn. Barnehagelova § 2, tredje ledd, stiller krav til at barnehagen skal tilpassa tilbodet blant anna ut frå barnets funksjonsnivå. Dette betyr at barnehageeigar har ansvar for å sjå til at òg barn med nedsett funksjonsevne får eit barnehagetilbod i tråd med lova. Barnehageeigar sitt ansvar er likevel avgrensa til kva barnehagen kan gjera innanfor dei ordinære rammene.

Kommunen skal i følge barnehagelova § 37 sikra at barn med nedsett funksjonsevne får eit eigna individuelt tilrettelagt barnehagetilbod. Målsettinga med tilrettelegging av tilbodet etter barnehagelova § 37 er ikkje endring og utvikling hjå barnet, men å byggja ned barrierar som gjer at barnet kan gjera seg nytte av tilbodet.

Kommunen si tilretteleggingsplikt i ein enkelt barnehage gjeld ikkje dersom tiltaket er ei uforholdsmessig byrde for kommunen. Det betyr at kommunen unntaksvis kan avvisa ynskje om tilrettelegging i ein enkeltbarnehage med grunngjeving i at tiltaket inneber ei uforholdsmessig byrde for kommunen. Døme her kan vera at barnehagen ikkje har universell utforming, og ei utbetring vil medføra store kostnader for kommunen.

Les meir om individuelt tilrettelagt barnehagetilbod her:

UDIR: Tilrettelegging av barnehagetilbudet for barn med nedsatt funksjonsevne Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Kven har rett på tilrettelegging?

Barn med nedsett funksjonsevne. Dette er ei samansett gruppe. Det er barn som har skade eller avvik i sosiale, kognitive, psykologiske, fysiologiske eller biologiske funksjonar. Barna kan ha tapt eller skade på ein kroppsdel, eller i ein av kroppen sine funksjonar. Dette kan til dømes vera nedsett rørsle-, syn- eller høyrefunksjon, nedsett kognitiv funksjon eller ulike funksjonsnedsetjingar på grunn av allergi, hjarte- og lungesjukdom.

Ein må avgrense det mot forbigåande og bagatellmessige forhold, til dømes ein broten fot eller der barn endrar åtferd som ein normal reaksjon på krevjande livshendingar.

At eit barn har nedsett funksjonsevne er ikkje einstydande med at barnet treng særskild tilrettelegging i barnehagen. Det er viktig å vere medviten at barnets behov for tilrettelegging i nokre tilfelle vil kunne avhjelpast ved at dei ordinære omgjevnadane og det ordinære tilbodet vert utforma på ein måte som gjer at det kan brukast av alle på ein likeverdig måte.

Nedsett funksjonsevne treng ikkje å utgjera ei funksjonshemming. Funksjonshemming er noko som oppstår når det blir eit gap mellom barnet sine føresetnadar og omgjevnadane si utforming eller krav. 

Kva kan tilrettelegginga gå ut på?

Tilrettelegging kan vera endring av bygg for å tilpassa barnet sine behov eller støtte til utstyr som barnet treng for å kunna gjera seg nytte av barnehagetilbodet. Tilrettelegging kan òg vere ekstra bemanning, opplæring av tilsette eller andre tiltak som er nødvendige.

Kommunen si retteleggingsplikt er avgrensa til å ikkje innebera ei uforholdsmessig byrde. Denne avgrensinga kan til dømes innebera at barnet vert tilbydd plass i ein anna barnehage som er betre tilpassa barnet sine behov for fysisk tilrettelegging.

Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Kommunen vurderer fortløpande om eit barn kan ha behov for tilrettelegging, òg uavhengig av om kommunen får melding om behov eller ikkje. Det er likevel ein fordel om kommunen får melding frå til dømes føresette, tilsette i barnehagen eller helsestasjonen dersom eit barn har behov for individuell tilrettelegging av barnehagetilbodet. Kommunen vil så henta inn tilstrekkeleg og utfyllande informasjon for å opplysa saka om barnet har nedsett funksjonsevne og slik har rett på individuell tilrettelegging, jf. barnehagelova § 37.

Melding til kommunen

Føresette og/eller barnehagen vurderer om det skal sendast melding til kommunen om behov for individuelt tilrettelegging av barnehagetilbodet. Dersom det vert vurdert at det ikkje går an å leggja til rette for barnet innanfor det ordinære tilbodet, kan føresette senda inn behov for tilrettelagt barnehagetilbod til kommunen ved å nytte skjema i skjemaportalen Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu., tilrettelagt barnehagetilbod. . I tillegg må utfallande informasjon frå barnehagen sendast inn på følgjande skjema, trykk her for å komme til skjema. docx, 64 kB, åpnes i nytt vindu. 

Vedtak

Barnehagemynde i kommunen fattar vedtak om individuelt tilrettelagt barnehagetilbod i samarbeid med føresette og barnehage. Vedtaket vert sendt føresette, med kopi til barnehagen. 

Høve til å klaga

Føresette kan klaga på vedtaket. Klagefristen er tre veker frå ein fekk vedtaket. I klaga skal ein føra opp kva ein ynskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunna gje rettleiing. Klaga skal sendast til Fitjar kommune, Postboks 83, 5418 Fitjar eller med Sikker digital post Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. via Fitjar kommune si heimside.  Statsforvaltaren er klageinstans. Før klaga blir send Statsforvaltaren, skal instansen som fatta vedtaket vurdera om det er grunn til å endra det. 

Les meir om saksgang i:
Lov om barnehage §2 Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Lov om barnehage §37 Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

For meir informasjon kontakt:

Barnehagemynde
Mone Nilsen
E-post: moni@fitjar.kommune.no Åpnes i nytt vindu.
Telefon: 97 08 95 98

Prisar

Foreldre som har barn i barnehagane i Fitjar får moderasjon etter følgjande relgar:

  • 30 % moderasjon for barn nr.2
  • for barn nr.3 og øvrige vert det gratis barnehageplass.

Barnehagen ordnar søskenmoderasjon, ein treng ikkje søkje om dette. 

Les meir om moderasjonsordningar på UDIR sine heimesider. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

  • Ein barnehageplass kostar 700,- kroner per månad, gjeldande frå 01.08.2025.
  • Du betalar frå den månaden barnet startar i barnehagen. 
  • Familiar med fleire barn i barnehage betalar mindre. 
  • ​Familiar som tente mindre enn 669 050 kroner (sats per 01.08.25)  førre år har rett på lågare betaling.

Det er to ordningar for å søkje moderasjon i foreldrebetaling:

Ordning 1 - grunnlag for søkje om redusert foreldrebetaling

Ingen familiar skal betala meir enn seks prosent av inntekta si for ein barnehageplass. Familiar med inntekt under 669 050,- (per 01.08.2025) vil såleis betala mindre enn makspris på kr. 700,-.

Betalinga skal reknast ut frå hushaldet si samla skattepliktige kapital- og personinntekt. 

Ordning 2 - Gratis kjernetid for 2, 3, 4 og 5 åringar for familiar med låg betalingsevne

Alle 2,3,4 og 5 åringar og barn med utsett skulestart, som bur i hushald med låg inntekt har rett til å få 20 timar gratis opphaldstid i barnehage pr. veke. Inntektsgrensa per 2025 er sett til kr. 669 050,-. 

Felles for ordningane gjeld:

Hushald: einsleg, ektefeller, registrerte partnarar og sambuarar

Som sambuar reknar ein to ugifte personar over 18 år som bur saman, og som har budd saman i eit ekteskapsliknande tilhøve i minst 12 av dei 18 siste månadane, eller har felles barn. Bur eit barn fast hos begge foreldra, skal foreldrebetalinga reknast ut frå inntekta i hushaldet der barnet er folkeregistrert. 

Søknadsskjema finn du under fanen skjema.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?