Svingen barnehage
Svingen barnehage er ein kommunal barnehage som ligg i skogkanten opp mot Rossneset, tett på turstiar og variert terreng.
Barnehagen opna nytt bygg og tilhøyrande variert uteleikeområde hausten 2024.
Visjon
Me gir barna ein kvardag prega av trivsel, vennskap og leik.
Overordna mål:
- barn som viser respekt for seg sjøl og andre
- gode minner om glede, trivsel og humor
- robuste barn som taklar motstand, og kan stå opp for seg sjølv
Satsingsområde
Pedagogisk plattform:
Som pedagogisk plattform vektlegg me basiskompetansen. Basiskompetanse er uttrykk for det barna har tileigna seg av grunnleggjande kompetanse for livet sitt. Sentralt i småbarnsalderen står utviklinga av kommunikasjonsevne i vid tyding og av sosial kompetanse , det vil sei evna til å kunne gå inn i leik og samspel med andre barn på ein positiv måte. Me snakkar då om utvikling av identitet og kompetanse som ein har behov for i dagleglivet saman med andre barn og med vaksne både i barnehagen og heime.
Vurderingsområder:
- Garden og lokal matproduksjon. Læra meir om garden og kva mat den gir oss, samt prøve å jobba opp liv i plantekassane våre både inne i veksthuset og ute med fokus på berekraftig utvikling. "Berekraftig utvikling handlar om at menneske som lever i dag, får dekt dei grunnleggjande behova sine utan å øydeleggje framtidige generasjonar sin sjanse til å få dekt sine behov. Det handlar om å tenkjer og handle lokalt, nasjonalt og globalt"(Rammeplanen s. 10, 2017)
- Overgangar. Me veit at barn treng føreseielege og trygge rammer for å ha eit godt grunnlag i utviklinga si. Me ynskjer å ha ekstra fokus på dette og bli enno betre i våre interne overgangar slik at me sikrar eit godt psykososialt barnehagemiljø for alle barn.
Vedtekter og årsplan
Vedtekter til barnehagen finn du her pdf, 619 kB, åpnes i nytt vindu..
Årsplanen til barnehagen finn du her pdf, 3 MB, åpnes i nytt vindu..
Barnehageruta finn du her pdf, 275 kB, åpnes i nytt vindu..
Prisar
Søskenmoderasjon
Foreldre som har barn i barnehagane i Fitjar får moderasjon etter følgjande relgar:
- 30 % moderasjon for barn nr.2
- for barn nr.3 og øvrige vert det gratis barnehageplass.
Barnehagen ordnar søskenmoderasjon, ein treng ikkje søkje om dette.
Les meir om moderasjonsordningar på UDIR sine heimesider. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Foreldrebetaling
- Ein barnehageplass kostar 700,- kroner per månad, gjeldande frå 01.08.2025.
- Du betalar frå den månaden barnet startar i barnehagen.
- Familiar med fleire barn i barnehage betalar mindre.
- Familiar som tente mindre enn 669 050 kroner (sats per 01.08.25) førre år har rett på lågare betaling.
Redusert foreldretaling
Det er to ordningar for å søkje moderasjon i foreldrebetaling:
Ordning 1 - grunnlag for søkje om redusert foreldrebetaling
Ingen familiar skal betala meir enn seks prosent av inntekta si for ein barnehageplass. Familiar med inntekt under 669 050,- (per 01.08.2025) vil såleis betala mindre enn makspris på kr. 700,-.
Betalinga skal reknast ut frå hushaldet si samla skattepliktige kapital- og personinntekt.
Ordning 2 - Gratis kjernetid for 2, 3, 4 og 5 åringar for familiar med låg betalingsevne
Alle 2,3,4 og 5 åringar og barn med utsett skulestart, som bur i hushald med låg inntekt har rett til å få 20 timar gratis opphaldstid i barnehage pr. veke. Inntektsgrensa per 2025 er sett til kr. 669 050,-.
Felles for ordningane gjeld:
Hushald: einsleg, ektefeller, registrerte partnarar og sambuarar
Som sambuar reknar ein to ugifte personar over 18 år som bur saman, og som har budd saman i eit ekteskapsliknande tilhøve i minst 12 av dei 18 siste månadane, eller har felles barn. Bur eit barn fast hos begge foreldra, skal foreldrebetalinga reknast ut frå inntekta i hushaldet der barnet er folkeregistrert.
Søknadsskjema finn du under fanen skjema.
Relatert informasjon
Sist oppdatert
