Fitjar Naturbarnehage
Fitjar Naturbarnehage har stort fokus på friluftsliv, uteaktivitetar og sunt kosthald.
Om barnehagen
Barnehagen held til i midlertidig i Fitjarstølane bustadområde. Det er nærleik til gode turområde i skog og ved sjø. Barnehagen skal etterkvart tilbake til Øvrebygda, og saman med Øvrebygda skule vere ein del av eit oppveksttun.
Barnehagen sine lokalar per idag er lyse og fine, inngjerda uteområde med god plass til leik og læring.
Satsingsområde
Friluftsliv
Dei eldste barna er ute storparten av dagen, og er ofte på tur utanfor barnehagen, til forskjellige turmål med ulik distanse frå barnehagen. Barna gjer seg ulike erfaringar om friluftsliv, som å kle seg etter forholda, ta vare på seg sjølv og venane sine, og kjenne etter når ein treng mat, drikke og kvile. Barna får verdifulle erfaringar i møte med naturen, og dei lærer å ta vare på både planter og dyr. For å oppleve gleda med uteleik og friluftsliv, tenkjer vi at vi må begynne i det små.
Vi legg opp til at dei minste barna skal vere akkurat passeleg mykje ute, og passeleg langt frå barnehagen, slik at dei kjenner seg tilfredse og trygge. For dei minste barna tilpassar vi friluftslivet individuelt, ut frå alder og utviklingsnivå og behov for søvn og kvile.
Friluftsliv, kosthald og språk
Fitjar Naturbarnehage har ein tydeleg friluftsprofil. Barna er ute mesteparten av dagen, alle dagar. Vi nyttar dagleg omgjevnadene i området. I naturen får barna utfordre seg, nå nye mål og oppleve meistringskjensle.
Vi tenkjer at det aller meste som kan gjerast inne, kan gjerast ute. Også matlaging. Vi et dei fleste måltid ute, og lagar også ofte mat ute og på tur. Barna får alle måltid i barnehagen.
Vi jobbar jamt med alle fagområde, men har spesielt fokus på kommunikasjon og språk, då vi veit at dette er grunnleggande og vesentleg ferdigheiter for deltaking i leik og utvikling av sosial kompetanse.
Vedtekter og årsplan
Vedtektene til barnehagen finn du her. docx, 42 kB.
Årsplanen til barnehagen finn du her pdf, 4 MB, åpnes i nytt vindu..
Barnehageruta for barnehagen finn du her pdf, 275 kB, åpnes i nytt vindu..
Prisar
Søskenmoderasjon
Foreldre som har barn i barnehagane i Fitjar får moderasjon etter følgjande relgar:
- 30 % moderasjon for barn nr.2
- for barn nr.3 og øvrige vert det gratis barnehageplass.
Barnehagen ordnar søskenmoderasjon, ein treng ikkje søkje om dette.
Les meir om moderasjonsordningar på UDIR sine heimesider. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Foreldrebetaling
- Ein barnehageplass kostar 700,- kroner per månad, gjeldande frå 01.08.2025.
- Du betalar frå den månaden barnet startar i barnehagen.
- Familiar med fleire barn i barnehage betalar mindre.
- Familiar som tente mindre enn 669 050 kroner (sats per 01.08.25) førre år har rett på lågare betaling.
Redusert foreldretaling
Det er to ordningar for å søkje moderasjon i foreldrebetaling:
Ordning 1 - grunnlag for søkje om redusert foreldrebetaling
Ingen familiar skal betala meir enn seks prosent av inntekta si for ein barnehageplass. Familiar med inntekt under 669 050,- (per 01.08.2025) vil såleis betala mindre enn makspris på kr. 700,-.
Betalinga skal reknast ut frå hushaldet si samla skattepliktige kapital- og personinntekt.
Ordning 2 - Gratis kjernetid for 2, 3, 4 og 5 åringar for familiar med låg betalingsevne
Alle 2,3,4 og 5 åringar og barn med utsett skulestart, som bur i hushald med låg inntekt har rett til å få 20 timar gratis opphaldstid i barnehage pr. veke. Inntektsgrensa per 2025 er sett til kr. 669 050,-.
Felles for ordningane gjeld:
Hushald: einsleg, ektefeller, registrerte partnarar og sambuarar
Som sambuar reknar ein to ugifte personar over 18 år som bur saman, og som har budd saman i eit ekteskapsliknande tilhøve i minst 12 av dei 18 siste månadane, eller har felles barn. Bur eit barn fast hos begge foreldra, skal foreldrebetalinga reknast ut frå inntekta i hushaldet der barnet er folkeregistrert.
Søknadsskjema finn du under fanen skjema.
Relatert informasjon
Sist oppdatert
